Hopp til innhold

Reinnæringa inviterer statsministeren på ørnejakt

15. juni besøkte Erna Solberg sauebønder og ulvejegerar på Hadeland. No håpar reinnæringa i nord at besøket skal gi ringeffektar.

Kongeørn

DEN BRYSAME KONGEØRNEN: Reinnæringa i Nord-Norge hevdar kongeørn og havørn står for store tap. Både politikarar og reinnæringa ønsker å finne ei løysing på problemet. Kongeørnen på illustrasjonsbildet har rev på menyen.

Foto: Kjartan Trana / NRK

– Kvar einaste dag plukkar reineigarar kadaver. Det skal ikkje vere slik, seier Ellinor Marita Jåma i NRL.

Ellinor Marita Jåma

Ellinor Marita Jåma, Leiar i Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL). – Reinnæringa har vore relativt heldige i år. På grunn av mykje snø har dei klart å finne att kadaver. Dei er ikkje like heldige kvart år.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

Ho meiner utfordringane med både havørn og kongeørn må på dagsorden.

– Det er flott at statsministeren viser engasjement og møter dei som er råka av ulven sine herjingar. Ho burde absolutt ta ein tur på kadaverleiting her i nord.

– Inviterer du Erna Solberg på besøk?

– Ja! Regjeringa burde møte reinnæringa og sjå realitetane ute i feltet. Eg har også skrive brev til ho og bedt om eit møte, men det var ikkje plass på kalenderen i denne omgangen.

Trur ikkje eit besøk av statsministeren er svaret

Jo Inge Hesjevik

– Det at beitenæringa har store tap på grunn av ørn er for meg heilt klart. Går vi vegen gjennom forsking blir det lettare å få aksept for dette i resten av landet, seier Jo Inge Hesjevik, leiar i Finnmark Høgre.

Foto: Stian Strøm / NRK

– Vi kjem ingen veg før det vert allment erkjent at ørn tar beitedyr. I første omgang må vi auke satsinga på forsking. Vi må òg få inn forskarar som ikkje berre er opptekne av ørnen sitt ve og vel, men også velferda til beitedyra, seier Jo Inge Hesjevik.

Den siste tida har mange reineigarar posta bilde og filmar i sosiale kanalar som Facebook. Både av kadaver og ørner som sirkulerer over nyfødde kalvar.

– Eg skjønar frustrasjonen, men dette kan slå negativt tilbake. Først må det bli slått fast ein gong for alle at det er ørn som står for skadane.

Ørneangrep i kalvingstida

Leif Anders Somby ved reingjerdet med kikkert rundt halsen

Leif Anders Somby seier regjeringa gjerne må ta seg ein tur til Finnmark i kalvingstida. – Dersom dei treng meir kunnskap om temaet kan vi som er reineigarar assistere med det.

Foto: Privat

– Det er mange utfordringar når det gjeld rovdyr og næring i Norge. Det må settast inn tiltak der ørnebestanden gjer eit alt for stort inngrep, seier Leif Anders Somby, reineigar og leiar for Karasjok flyttsamelag.

– Dersom dei treng meir kunnskap inviterer vi gjerne statsministeren og folk frå regjeringa. Spesielt i kalvingstida kan dei ta seg ein tur.

Forstår frustrasjonen

Vidar Helgesen

Vidar Helgesen, klima – og miljøminister. – Dei totale tapa av tamrein til rovvilt har hatt ein nedgang dei siste tre åra. Vi arbeidar likevel med å finne nye, gode løysingar for å redusere konflikten.

Foto: Kirsti Haga Honningsøy / NRK

I ein e-post til NRK kjem det fram at klima – og miljøminister, Vidar Helgesen, har forståing for at reineigarane er frustrerte. Han meiner tap av tamreinen må reduserast.

«Vi har i dag eit fellingsregime der enkeltindivid kan bli tatt ut ved skadefelling, men regjeringa er i gang med å sjå nærare på dette. Det vil bli gjennomført kongeørnprosjekt i Troms og Fosen, med forvaltning av kongeørn og innhenting av kunnskap om kongeørn og skade på tamrein. Reindriftsnæringa har sjølve kome med nyttige innspel til arbeidet undervegs i planlegginga».

Denne sommaren skal eit forslag om endringar i vedtaket om skadefelling av kongeørn opp til høyring. Målet er at eit endeleg prosjekt skal settast i verk frå 2018.