Hopp til innhold

Redd nye oljefelt vil skade viktige fiskeområder

– Vi fryktar at vi før eller seinare får ei miljøutfordring i desse områda. Ei kvar miljøutfordring vil ha konsekvensar for fiskeressursane, seier leiar for fiskarlaget.

Lederen i Norges Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen

BEKYMRA: Leiar i Norges Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen er ikkje nøgd med det regjeringa har lagt fram i 24. konsesjonsrunde.

Foto: Håkon Jacobsen / NRK

Norges fiskarlag meiner fiskarane ikkje har blitt høyrt i utlysinga av nye olje- og gassfelt.

Olje- og energidepartementet kunngjorde onsdag utlysinga av 24. konsesjonsrunde. Runden omfattar 102 blokker, eller deler av blokker. Desse fordelar seg på 93 blokker i Barentshavet og ni blokker i Norskehavet.

Norges fiskarlag bad i høyringsrunden om at over halvparten av desse blokkene måtte takast ut av utlysinga av omsyn til fiskeressursane, men har ikkje blitt høyrt. I Norskehavet er fiskarane bekymra for gyteområda til silda, i Barentshavet er dei blant anna uroa for oppvekstområda for torsken.

Viktige gyteområde

– Det verste som kan skje er at vi får ei oljeutblåsing i gyteperioden. Det vil kunne vere med på å øydeleggje kanskje ei heil årsklasse av torsk eller andre arter i Barentshavet, seier leiar i Norges fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen.

Utlyste blokker i 24 konsesjonsrunde

Regjeringa har lyst ut rekordmange nye leiteblokker i Barentshavet i den 24. konsesjonsrunden.

Foto: Olje- og energidepartementet

Den nordaustarktiske torskebestanden, som er vurdert som ein av de viktigaste torskebestandane i verda lev berre i Barentshavet og langs kysten av Nord-Norge.

– Det at desse områda, som er så viktige for fiskeressursane, ikkje blir tatt ut beklagar vi sterkt, seier Ingebrigtsen.

Miljøorganisasjonar provoserte

Regjeringa har inngått ein avtale med samarbeidspartia KrF og Venstre om at Lofoten/Vesterålen og Møreblokkene ikkje skal vere ein del av den 24. konsesjonsrunden.

Nesten halvparten av dei utlyste blokkene i Barentshavet ligg nord for Norges nordlegaste oljefunn Wisting. Fem av leiteblokkene strekker seg så langt som mogleg inn mot 65-kilometersbeltet rundt Bjørnøya, der forvaltningsplanen for Barentshavet og Lofoten der petroleumsverksemd ikkje er tillate.

Bellona omtaler utlysinga som galskap, og Verdas Naturfond i Noreg meiner regjeringa ikkje har lytta på miljøråd i det heile teke.

Terje Søviknes på Underwater Technology Conference

Olje- og energiminister Terje Søviknes la fram dei nye felta på Underwater Technology Conference onsdag.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Olje- og energiminister Terje Søviknes seier at petroleumsverksemda i Noreg underlagt strenge krav til helse, miljø og tryggleik og at det ytre miljøet blir teke godt vare på.

Ingebrigtsen i Fiskarlaget er overraska over at innspela frå fiskarane ikkje er tatt omsyn til.

– Vi i Norges Fiskarlag har vore tydelege på at vi ikkje er mot oljeverksemd, men vi må sørge for å ta vare på dei områda som har betydning for fiskeressursane våre. Det er ikkje teke nok omsyn.

Meiner styresmaktene tek omsyn

– Regjeringa ønsker både å ha ei sterk fiskerinæring og ei sterk olje- og gassnæring i Norge, seier Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp).

Han meiner regjeringa har teke tilstrekkeleg omsyn til fiskenæringa i si avgjerd, og er oppteken av samarbeid mellom næringane.

– Styringsmaktene set krav til petroleumsaktiviteten, slik at ein til dømes ikkje har oljeboring i oljeførande lag når det er gytesesong. Me har heller ikkje seismikkskyting i dei meir kritiske periodane. Dette fungerer på andre deler av sokkelen, og eg er heilt sikker på at det fungera i Barentshavet, seier han.