NRK Meny
Normal

Redd Goliat-problem kan bremse oljeutvinning i nord

Fagforbund fryktar dei store oppstartsproblema på Goliat kan bremse oljeindustrien i Arktis. Oljeselskapet ENI lovar no å rydde opp i problema.

Goliat

PROBLEMPLATTFORMA: Oljeplattforma Goliat på olje- og gassfeltet med same namn, 85 kilometer nordvest for Hammerfest.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

– Vi i SAFE er bekymra for at om dette går gale av stad, så kan ein slite med å få tilgang til nye areal, og lage store problem for resten av næringa, seier Roy Erling Furre, andre nestleiar i fagforbundet SAFE.

I 2016 har det vore 34 uhell og feil ved Goliat-plattforma, ifølge Dagens Næringsliv.

Petroleumstilsynet skal gjennomføra tryggleikstilsyn på Goliat, som er stengt for femte gang i sitt første driftsår.

Forholda på oljeplattforma fekk i sommar alle fagforeiningar til å sende bekymringsmeldingar til myndigheitene.

– Avhengig av tillit

Furre er redd dei mange oppstartsproblema for oljeselskapet ENI, som er operatør av Goliat-plattforma, vil bremse oljenæringa i Arktis.

Roy Erling Furre

Roy Erling Furre, andre nestleiar i fagforbundet SAFE.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Heile bransjen er avhengig av tillit, ikkje minst for å få tilgang på nye område. Dersom Eni rotar dette til, så kan ein risikere at dei øydelegg for heile næringa, seier han.

Furre trur ikkje det norske regelverket og tilsynsregimet strekk til i Goliat-tilfellet.

– Det er basert på at aktørane skal strekke seg etter dei måla som regelverket beskriv. Om ein har aktørar som ikkje strekk seg mot desse måla, som må slepast etter håret frå målsetting til målsetting, så fungerer ikkje regelverket og tilsynsregiment, seier han.

– Klarer dei ikkje å snu trenden, så må ein vurdere andre operatørar eller andre måtar å løyse dette på, seier Furre.

ENI: – Vi har ein plan

Kommunikasjonsdirektør i ENI Norge, Andreas Wulff, fortel at dei har vore gjennom eit krevjande oppstartsår med ein del uønskte episodar.

– Vi tar utfordringane på største alvor. Det er gjort eit omfattande arbeid for å sørge for sikker og effektiv drift på Goliat. At ein finn uteståande oppgåver òg etter produksjonstart er ikkje uvanleg. Vi har ein plan på korleis vi skal løyse dei oppgåvene som står føre oss. Vi skal bruke tid på det no framover, seier Wulff.

Han trur problema vil bli utbetra gjennom planen som no er sett i verk.

Andreas Wulff

Kommunikasjonsdirektør i ENI Norge, Andreas Wulff, her i helikopter på veg til Goliat-plattforma.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

– Vi svært opptatt av å få ein sikker og stabil produksjon. Det er ingen som er så opptatt av dette som det vi er. Så skal det seiast at vi har produsert for betydelege verdiar allereie.

Sjølv med fem produksjonsstans på eit år har det blitt pumpa opp olje for rundt 8 milliardar kroner på Goliat sidan oppstart i april 2016.

– Så ser vi samtidig at vi har nokre operasjonelle og organisatoriske utfordringar. Dei tar vi tak i no, og dei har vi jobba med ei stund for å utbetre.