Hopp til innhold

Punkhyllest til Finnmark

Det kritikerroste debutalbum til Ondt blod heiter «Finnmark» og har alt frå nedlagt industri og bygdedyr til ILO-konvensjonen.

Ondt blod

ONDT BLOD: Kirkenes-bandet slepp debutplata si «Finnmark» 18. januar. Uovertruffent mesterverk! og Fabelaktige Finnmark er blant overskriftene kritikarane bruker til å omtale plata.

Foto: Terje Arntzen

– Vi ville lage ein hommage til heimfylket vårt.

Vokalist i Ondt blod, Aslak Heika Hætta Bjørn, seier tosidigheita, som finst både i fylket og på plata, gjorde det naturleg å kalle plata opp etter heimfylket.

– Finnmark er eit ekstremt fylke på mange måtar, med den naturen som er her og det kalde vêret, men med dei varmaste og mest opne folka, seier han.

– Vi har flest drop-outs og topper selvmordsstatistikken og voldsstatistikken, og likevel er det ingen som har same stolthet over heimfylket som finnmarkingar.

Dualiteten på plata har falt i smak hos musikkritikarane, med overskrifter som Uovertruffent mesterverk! og Fabelaktige Finnmark, samt terningkast fem i Dagbladet og iTromsø.

Urfolksgangsters

Hætta Bjørn har skrive ni av dei ti låtene på «Finnmark», eit album som er noko så sjeldant som ei hardcore punk-plate med referansar til ILO-konvensjonen.

«Æ rocke den her bussen, vi kjøre i minst hundre og tjue, feste hardere enn Russland, vi e urfolks-G, ILO 169».

Aslak Heika Hætta Bjørn

Vokalist og frontfigur i Ondt blod, Aslak Heika Hætta Bjørn.

Foto: Pressefoto

På låta «Gjengtegn» finner ein òg spor av lei oppvekst tett på grensa til Russland.

– Vi har vore masse i Russland. Mange band frå Kirkenes drog over for å spele.

Hætta Bjørn seier dei ikkje har spelt i Russland med Ondt blod, men med forgjengaren til bandet, Heika and the paranoids.

– I Kirkenes er vi gode på det som politikarane kallar folk-til-folk-samarbeid, men som eigentleg bare er å dra over grensa og henge med folk.

Ondt blod blir omtalt som et «Kirkenes-band», men til NRK Finnmark presiserer Hætta Bjørn at ingen av dei eigentleg kjem frå sjølve Kirkenes. Sjølv kjem han frå Pasvik.

Trommis Håvard Rushfeldt kjem òg frå Pasvik, medan gitaristane John Nilsen og Alexander Våga Mortensen kjem frå Bjørnevatn, alle frå Sør-Varanger kommune. Sistemann inn i bandet er bassist og harstadværing Kristoffer Joel Høe.

Ondt blod i Kirkenes

KIRKENES: Bandet spelte konsert i Kirkenes i oktober 2015, og planlegg å kome tilbake hausten 2016.

Foto: Maria Udtian

Kjem til Finnmark til hausten

Albumet kjem ut måndag 18. januar, då på kassett og digitalt.

– Det er ingen som vil ha CD. Det ender bare opp med at i trykker opp 1000 CD-plater som må lagres. Ingen av oss har plass i leiligheten til det, seier Hætta Bjørn.

På onsdag vert det releasekonsert i Oslo, og påfølgande konsertar i Trondheim, Tromsø, Bergen og Bø. Finnmark må nok vente litt til på besøk av bandet.

– Vi kjem til Kirkenes til hausten. Det kan eg love, seier Hætta Bjørn.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark