Hopp til innhold

Politikar vil ha døgnopen grense mot Russland

Politikarar frå Finnmark vil ha grenseovergangen på Storskog døgnopen. Dei vil og ha betre bussforbindelser mellom Murmansk og Finnmark.

Grenseovergangen på Storskog

Storskog grensestasjon. Denne stasjonen er i dag åpen frå klokka 07.00 til 21.00 kvar dag.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

– Russisk ungdom reiser mykje, og buss frå Murmansk er ein rimeleg måte å koma seg både til Kirkenees, Vadsø og kanskje til Tromsø eller ut i verda på. Det meiner Remi Strand som er leiar i hovudutval for kultur og samferdsel i Finnmark fylkeskommune.

Hovedutvalget for kultur og samferdsel

Hovudutval for kultur og samferdsel i Finnmark fylkeskommune foran treriksrøysa utanfor Kirkenes lufthavn Høybuktmoen før avreise til Murmansk. Frå venstre: Randi Solli Pedersen (Ap), Jarle Andreassen (Frp), Gro Marie Nilssen (H), Mikkel Isak Eira (H), Remi Strand (Ap), Roger Hansen (Ap), Katri-Helen Johansen (Frp) og Fred Johnsen (Sp).

Foto: Amund Trellevik/NRK

I dag møter politikarar frå Finnmark russiske kollegaer i Murmansk. Her vil det bli diskutert korleis stadig fleire menneske kan reise meir effektivt over grensa i nord.

Og Strand meiner ein døgnopen grensestasjon, gjenopning av flyruta frå Tromsø til Murmansk, visumfri avtale og betre bussforbindelse vil auka kontakten

Upraktisk med stenging

– Grensepasseringen mellom Noreg og Russland er i dag stengt om natta. Upraktisk, og til hinder for næring og kontakt, meiner Strand.

Remi Strand

Remi Strand

Foto: Kontoret for voldsoffererstatning

– Vi vil be både Noreg og Russland om å ha grensa open heile døgnet. Det vil føre til meir trafikk og meir turisme. Det trur eg og myndigheitene i begge land ser, meiner Strand.

Russlands annektering av Krim og involvering i konflikten i Aust-Ukraina gjer at Noreg ikkje har kontakt med Russland på regjeringsnivå.

Men Finnmark pleier politisk kontakt med både Murmansk og Arkhangelsk.

Meir samarbeid

Strand har i mange år jobba med russiske spørsmål. Han svarer slik på spørsmål om ikkje eit stadig meir autoritært Russland kan skade samarbeidet i nord:

– Finnmark fylkeskommune har tett samarbeid både med Murmansk og Arkhangelsk. Vi ser ingen hindring og ønsket om samarbeid er større enn tidlegare. Det er vi glad for, og vi reiser ikkje bort dit for å driva russisk politikk. Det får russarane sjølv gjera, seier Strand.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark