Hopp til innhold

Politiet: – Noko av det mest dramatiske vi har opplevd

For politiet har det væpna ranet av Narvesen-kiosken i Alta vore ei av dei mest uvanlege sakene på mange år.

Politiet i Alta

UNDER PRESSEKONFERANSEN: Fredag var det pressekonferanse om ranet på Alta lensmannskontor. Svein Tore Nilsen (t.v.) er leiar for politiseksjonen i Alta og Kenneth Nilsen (t.h) er seksjonsleiar for felles etterforsking i Finnmark.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Det er viktig for oss å få fram at det er to kvinner som står bak dette væpna ranet, og at det ikkje er snakk om eit ransmiljø, seier seksjonsleiaren for felles etterforsking i Finnmark, Kenneth Nilsen.

Det var på søndag for fem dagar sidan at to væpna og maskerte personar rana ein Narvesen-kiosk i Alta. Skildringar og åtferd tyda på at gjerningspersonane var unge jenter. Politiet har no avhøyrt to 20 år gamle kvinner, som begge har erkjent medverknad.

– Då dei utførte ranet var dei rusa, opplyser Nilsen.

Kvinnene blei avhøyrt kvar for seg. Den eine blei pågripen onsdag kveld, og den andre på torsdag ettermiddag. Ei av kvinnene skal også ha hatt ei natt i arresten. No er begge sleppt fri.

Gransking av åstedet

På måndag sikra politiet spor frå Narvesen-kiosken.

Foto: Kristian Sønvisen Bye / NRK

Ikkje fare for gjentaking

– Det er heilt uvanleg og veldig alvorleg at jenter utfører væpna ran på denne måten. Dei som har gjort dette treng å kome inn til god behandling, har valdsforskar Ragnhild Bjørnebekk tidlegare sagt til NRK om denne saka.

Men sjølv om hendinga er ei av dei mest dramatiske politiet i Finnmark har hatt på mange år, trur dei ikkje det er fare for gjentaking.

– Det står att ein god del etterforsking, seier Kenneth Nilsen. Han opplyser også om at det ikkje er aktuelt å varetektsfengsle kvinnene, blant anna på grunn av at det ikkje er fare for øydelegging av bevis.

Begge kvinnene er busett i Alta og er kjenningar for politiet frå før.

– Dette har vore på eit bagatellmessig nivå, og i forbindelse med bruk av narkotika, seier Kenneth Nilsen.

Vis hensyn i sosiale medium

Politiet har beslaglagt ein våpenliknande gjenstand. Tidlegare har det vore omtalt at eit skot skal ha blitt fyrt av under ranet, men dette tilbakeviser politiet.

Dei ber også om at folk viser varsemd i å omtale kvinnene på sosiale medium.

Sjølv om saka er rekna som oppklart, er den framleis høgt prioritert, seier leiaren for politiseksjonen i Alta.

Narvesen Alta

Det var denne kiosken som blei rana søndag den 11. februar rundt klokka 21.30.

Foto: Kristian Sønvisen Bye / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark