Hopp til innhold

Politiet ber Bech ta kontakt etter grov Utøya-hets: – Dette er ei mogleg straffesak

Tarjei Jensen Bech vart grovt hetsa etter at Finnmark og Troms vart einige om ein samanslåingsavtale. No ber politiet om at Bech melder forholdet.

Tarjei Jensen Bech

Tarjei Jensen Bech overlevde Utøya-massakren, men måtte gjennom seks operasjonar i etterkant. Bech har også vore open om sine psykiske vanskar. I dag er Bech varaordførar i Finnmark fylkeskommune, og opplevde sist veke svært grov hets.

Foto: Tanja Linnea Eriksen Norbye / NRK

– For meg er det litt for tidleg å meine noko om denne saka, fordi ut frå det eg ser på nettet så langt så er dette ei mogleg straffesak. Så vi er nøydde til å sjå meir på dette er for noko før vi kommenterer saka ytterlegare, seier Morten Daae til NRK.

Påtaleleiaren i Finnmark politidistrikt er klar på at politikarar og andre som blir utsette for slik grov hets tek kontakt med politiet, slik dei kan sikre spor og vurdere saka.

– Så bør Bech vurdere om han skal melde denne saka til politiet?

– Slik eg les artikkelen på nrk.no bør Bech ta kontakt med oss, så kan vi gå inn og sjå på saka og eventuelt sikre spor, seier Daae.

Morten Daae

Morten Daae, påtaleleiar i Finnmark politidistrikt, ber Tarjei Jensen Bech om å ta kontakt med politiet. Dei ser svært alvorleg på hets av det slaget Bech har opplevd per e-post den siste tida.

Foto: Erlend Hykkerud

Utsett for grov hets

Det var tysdag morgon Tarjei Jensen Bech la ut ei Facebook-melding om at han hadde blitt grovt hetsa etter at Finnmark og Troms vart einige om ein samanslåingsavtale tidlegare i februar.

I ein anonym e-post vart Bech kalla ein forrædar og ein elendig forhandlar. Avsendaren skriv også at det hadde vore best om Bech ikkje hadde overlevd Utøya-massakren 22. juli 2011.

Bech er varaordførar i Finnmark fylkeskommune, men sat ikkje i forhandlingskomiteen som kom fram til avtalen med Troms.

Tarjei Jensen Bech er uansett ein profilert Arbeidarpartipolitikar. I tillegg til å ha stått fram med skadane han fekk på Utøya har finnmarkingen vore open om sine psykiske vanskar.

Revurderer å melde hetsen

Då NRK først snakka med Tarjei Jensen Bech tysdag føremiddag hadde han bestemt seg for å ikkje melde truslane og hetsen til politiet.

Etter at Bech får høyre at Morten Daae ber han ta kontakt med politiet, seier fylkesvaraordføraren at han vil ta ein ny runde på saka.

– Samtidig må eg vurdere det opp mot belastninga det vil gi. Eg ønskjer ikkje å rippe opp i såra etter 22. juli, seier Bech til NRK tysdag ettermiddag.

Det skal ein svært sterk rygg til å bere dette.

Wenche Pedersen

AP-kollega på gråten

Den grove hetsen mot Arbeidarpartipolitikaren har ført til mange sterke reaksjonar. Gruppeleiar i Vadsø Arbeidarparti, Wenche Pedersen, har vore blant dei sterkaste motstandarane av ei samanslåing mellom Troms og Finnmark. Ho synest det er uendeleg trist at partifellen må oppleve hets av dette slaget.

– Eg blir heilt på gråten når eg høyrer dette. Dette er ekstremt drygt. Tarjei har jo måtte ha tolt litt av kvart, men han reist seg kvar gong. Og så skal han oppleve dette. Det skal ein svært sterk rygg til å bere dette, seier Pedersen til NRK.

Eg ønskjer ikkje å rippe opp i såra etter 22. juli.

Tarjei Jensen Bech

Flere nyheter fra Troms og Finnmark