Hopp til innhold

Overgrepsdømt framleis fri

Mannen som i fjor blei dømt for å ha forgripe seg på fem barn i Finnmark, går framleis fri, fire veker etter at politiet sende saka til Kriminalomsorgen.

Trondheim fengsel

KRIMINALOMSORGEN: Saka ligg no hos Kriminalomsorgen, som er instansen som kaller inn domfelte til soning.

Foto: Marit Langseth / NRK

– Då vi blei klar over at saka ikkje var sendt over, så blei det tatt tak i det umiddelbart, og saka sendt vidare til Kriminalomsorgen.

Det seier påtaleleiar i Finnmark politidistrikt, Morten Daae, som seier at saka blei sendt vidare for fire veker sidan.

– Vi blei konfrontert med dette på ein tysdag, på onsdag var det sendt over til Kriminalomsorgen.

For fire veker sidan fortalde avisa ifinnmark første gong at den overgrepsdømte mannen framleis går fri etter å blitt dømt til forvaring for snart eit år sidan. Søndag kunne ifinnmark melde at mannen framleis ikkje har byrja soninga si, og at naboar er redd nokon skal ta saka i eigne hender.

Fungerende politimester i Finnmark, Morten Daae.

Påtaleleiar i Finnmark politidistrikt, Morten Daae

Foto: Allan Klo / NRK

Det var i september i fjor at 53-åringen blei dømt til seks års forvaring i Hammerfest tingrett, for grove og langvarige overgrep mot fem barn over fleire år.

Påtaleleiar Morten Daae har tidlegare forklart at sjukemeldinger var årsaka til at politiet ikkje hadde sendt saka over til Kriminalomsorgen, som er dei som kallar inn til soning.

Politidistriktet har framleis tilsette ute i sjukemelding, men dette skal ifølge Daae, ikkje lenger føre til at saker blir oversett.

– Akkurat no har vi kontortilsette der vi skal ha det, og vi har tatt fatt i denne problemstillinga. Vi sørger no for å følge opp dei sakene som kjem inn, seier han.

Forvaringssaker har høg prioritet

Kriminalomsorgen kan ikkje uttale seg om enkeltsaker, og kan derfor ikkje seie om dei har teke imot saka frå politiet. Regiondirektør for Kriminalomsorgen, region nord, Jorid Midtlyng seier på generelt grunnlag at den domfelte etter forskrift skal ha minimum tre veker førebuingstid frå innkalling til soning til soninga byrjar.

– Det er tre vekers førebuingsfrist. Den dømte skal ha tid til å områ seg, spesielt om ein skal sone i fleire år er det naudsynt med tid til å få ordne praktiske forhold i livet før ein skal inn, seier Midtlyng.

Jorid Midtlyng.

Regiondirektør for Kriminalomsorgen, region nord, Jorid Midtlyng

Foto: Jørn Adde © Trondheim kommune

Fristen er frå den dømte får innkallinga. Det kan derfor gå meir enn tre veker frå politiet har sendt saka til Kriminalomsorgen, til soninga er starta.

Men Midtlyng seier at forvaringssaker har høg prioritet og at det berre skal gå nokre dagar frå saka er motteke frå politiet til innkallinga er sendt ut.

Det skal heller ikkje vere kø for å få soningsplass.

– Vi har ledige plassar, det er ingen kø her for tida, seier regiondirektør Midtlyng.

53-åringen er dømt til 6 års forvaring. Forvaringsdømte i Noreg må i starten av soninga til Trondheim eller Ila fengsel, der dei har plassar for oppstart av forvaring.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark