NRK Meny
Normal

Oppdrettsbransjen hentar oljetalenta

Talet på oljejobbar minkar, medan oppdrettsnæringa aukar. Nedgangen i oljebransjen gir oppdrettsnæringa gyldbe rekrutteringsmoglegheiter.

Oppdretsslaks
Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Eg kan ikkje veldig mykje om laks, seier Rune Suhr Berg, som no går frå oljeselskapet North Energy til oppdrettsselskapet Cermaq.

Han har jobba i oljebransjen i over ti år, med fokus på tryggleik.

Etter det kraftige fallet i oljeprisen, valde North Energy å flytte hovudkontoret til Tromsø for å spare kostnader. Det innebar å legge ned det tidlegare hovudkontoret i Alta, som Berg har hatt som arbeidsplass dei siste fire åra.

Han fekk då valet mellom å flytte eller å seie opp jobben som HMS-ansvarleg.

– Då eg fekk sjansen til å unngå å flytte, med jobbtilbod i oppdrettsbransjen, valde eg å ta den, seier Berg. Han meiner oljebransjen har vore ein føregangsbransje når det kjem til tryggleik, og trur erfaringa hans, både som HMS-ansvarleg og som offshore-arbeidar, vil kome oppdrettsnæringa til gode.

Ny bransje, lågare lønn

Fra olje til oppdrett

NYTT KONTOR: Liv Andrea Myklevoll og Rune Suhr Berg er klar for ny jobb i ny bransje.

Foto: Kristin Forland / NRK

Det var oppdrettsselskapet Cermaq som såg sitt snitt til å kapre Berg då dei høyrde at North Energy skulle legge ned kontoret i Alta. Og han kjem ikkje aleine.

Liv Andrea Myklevoll har jobba med HR i same selskap som Berg, og dei fortset som kollegaer, men no i ny bransje, og med litt andre lønnsvilkår.

– Oljebransjen er nok i ein særklasse, svarer Myklevoll på spørsmål om lønnsnivået vil endre seg når ho går frå olje til oppdrett.

Både Myklevoll og Berg understrekar at oppdrettsbransjen slett ikkje er dårleg betalt, men ligg på eit meir gjennomsnittleg nivå enn lønna i oljebransjen.

– Oppdrettsbransjen betaler for god kompetanse, stadfester Berg.

Lettare å konkurrere

Det er først og fremst det høge lønnsnivået i oljebransjen, som har gjort det vanskeleg for andre bransjar å konkurrere med oljeselskapa om dei beste hovuda. Når 15 000 oljejobbar no er borte, kan det gjere det lettare for andre bransjar å finne kvalifiserte folk.

- Nedgangen i oljebransjen vil heve standarden i oppdrettsbransjen.

OLJE OSEBERGFELTET

GODT BETALT: Desse jobbane blir det færre av.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Det trur Jon Ragnar Viggen frå analyseselskapet Impello, som står bak ein ny rapport om oppdrettsnæringa i Trøndelag.

Under innhenting av data til rapporten oppdaga Viggen at mange av dei nytilsette i oppdrettsbransjen kom frå oljebransjen.

Viggen trur det same gjeld for oppdrettsbransjen i resten av landet.

Rapporten var først omtalt i avisa Adressa, og viser at talet på tilsette i bransjen veks, som eit resultat av at lakseprisen har stabilisert seg på eit høgt nivå.

I overkant av 6 350 personar var i arbeid i det som vert kalla akvakulturnæringa i 2014, mot 5 700 personar i 2013. Det er ein oppgang på 11,5 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.