Hopp til innhold

Operasjonsleiar i politiet:– Vi er her for å førebyggje

Fleire gongar natt til laurdag rykka politiet i Finnmark ut. Blant anna blei ein mann i Kjøllefjord pågripen for vald mot andre familiemedlemmar. – Ikkje nøl med å ta kontakt i slike tilfelle, oppfordrar Ann Rigmor Søderholm.

Politibil på stedet, Stavset

KORLEIS FÅ KONTAKT: Politiet sine nummer er 02800 eller nødnummeret 112. Dersom det er snakk om vald i nære relasjonar har nettstaden hvorlite.no mykje informasjon.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Ein mann i Kjøllefjord blei rundt midnatt pågripen for å utøve vald mot andre familiemedlemmar. Sak mot mannen i 40-åra er oppretta og det er snakk om besøksforbod.

– Vi fekk bekymringsmelding frå ein person, seier Ann Rigmor Søderholm, operasjonsleiar i politiet.

Ho fortel at mange ikkje veit kva dei skal gjere dersom det er vald i nære relasjonar.

• LINK TIL NETTSIDE: Politiet – hvor lite skal du finne deg i?

– På nettsida, hvorlite.no, finn folk informasjon om korleis ein skal gå fram i tilfeller med vald i nære relasjonar. Eg vil oppfordre folk om å gi beskjed. Vi i politiet er her for å hjelpe, og ikkje minst førebygge alvorlege hendingar, seier operasjonsleiar Søderholm.

Laster Twitter-innhold

Travel natt for politiet

Fleire stader i fylket rykka politiet ut natt til laurdag.

Klokka 01.00, Hammerfest: Ein mannsperson i slutten av tenåra blei slått ned av to andre gutar. Fornærma blei legesjekka og politiet oppretta sak.

Klokka 02.30, Alta: Rusa mann i 20-åra blei pågripen og sett i arrest. Han var utagerande ovanfor politiet og anmelding blei oppretta.

Klokka 03.30, Vardø: To rusa menn blei køyrt til bustaden sin. Dei blir anmeldt for å ikkje følgje pålegg frå politiet gitt tidlegare på natta.

Klokka 05.00, Hammerfest: Festbråk frå ei privat adresse. Politiet reiste til staden. Dei fekk pålegg om å dempe støyen.

Klokka 05.10, Alta, Politiet fekk melding om festbråk og rydda personar ut frå ei privat adresse.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold