O og u bytta plass i samisk skilt

Kommunestyret i Fauske i Nordland bestemte for over to år sidan å skilte kommunenamnet på lulesamisk. Men då skiltet omsider kom opp denne veka vart det oppdaga at to bokstavar hadde bytta plass, melder NRK Nordland. Fauske heiter Fuossko på lulesamisk, men på skiltet står det Foussko. – Eg er no glad for at dei rakk å få dette opp før Samefolket sin dag, så kan dei rette opp i det seinare, seier innbyggjar i Fauske, Lennart Ranberg