Ny avtale om Nordkapplatået gir millionauke i leigeinntekter

I den nye festekontrakten for Nordkapplatået aukar grunneigar Finnmarkseiendommen den årlege leia på Nordkapp-platået med 5354 prosent, skriv Klassekampen.

Nordkapplatået

Nordkapp kommune er skuffa over leigeavtalen som er inngått mellom Finnmarkseiendommen og Rica om Nordkapplatået.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

Rica Eiendom og Finnmarkseiendommen (FeFo) vart samde om ny festekontrakt for Nordkapplatået i slutten av november. No er avtalen underteikna.

Rica Eiendom har tidlegare betalt 65.000 kroner i året for å leige 900 mål av ein av Noreg største turistattraksjonar. Leigeprisen er auka til 3.480.000 kroner i året, medan arealet er redusert til ein åttedel. Kontrakten varer i 99 år, skriv Klassekampen.

Rica leiger området vidare til Scandic, som kvart år krev inn 50 millionar kroner i besøksavgift. Festeavgifta går til grunneigar FeFo.

Nordkapp

Dette er innkjøringa til Nordkapplatået.

Foto: Stian Strøm / NRK

Kommunen er skuffa

Nordkapp kommune utarbeider for tida ein plan for området, og politikarane beklagar at avtalen allereie er signert.

– Vi er skuffa over at partane ikkje venta på lokaldemokratiet. Vi kjem uansett til å regulere Nordkapp-platået, òg der Rica/Scandic har anlegget sitt, til offentlege formål, seier ordførar Jan Olsen (SV).

Nordkapp-saka var ei stor sak i lokalvalet i haust. Det nye kommunestyret har vedtatt eit bygge- og delingsforbud på platået. Dermed kan ikkje leigetakarane gjere noko før kommunen seier ja.

Nordkapplatået

Bygningane på Nordkapplatået.

Foto: Kristina Kalinina / NRk

Styreleiar Bente Haug i FeFo meiner kontakten med kommunen har vore god.

– Til forskjell frå ordføraren driv ikkje vi med politikk. Vi er bunde av juss og lovverket, blant dei tomtefestelova. Vi har strekt oss langt for å etterkomme ønska til lokalsamfunnet, seier ho.

Les òg: Vil at turistene skal betale ekstra skatt for å få komme hit