Hopp til innhold

Norske atomubåtprøver står fast i russisk toll

I 10 månader har dei norske prøvane frå eit forskningstokt til den sunkne atomubåten K-159 utanfor Murmansk stått fast i russisk toll. Situasjonen er no så prekær at Statens strålevern ber UD om å gripe inn.

Russisk atomubåt av November-klassen

Atomubåten K-159 ligg på 246 meters djupne, rundt 130 kilometer aust for grensa til Noreg. Frykta er at radioaktivt materiale om bord skal lekke ut og forureine fisken i Barentshavet.

Foto: AP

På havbotnen ved utløpet av Kolafjorden ved Murmansk ligg atomubåten K-159, som sokk med eit mannskap på ni under slep i 2003.

Ubåten inneheld store mengder atomavfall, og det er frykt for at dette avfallet skal lekke ut. Statens strålevern var derfor på tokt ved vraket i fjor haust og tok prøvar av havbotn og sjø.

Tokt til atomubåten k-159

Hert vert det teke opp sedimentprøvar av havbotnen under toktet i fjor haust.

Foto: Statens strålevern

Men 10 månader etter at toktet vart avslutta står det norske prøvematerialet framleis innelåst i ein kontainar hos tollmyndigheitene i Murmansk.

– Ting tar gjerne tid, når det gjeld å jobbe opp mot Russland. Men vi kan ikkje vente evig. Det som uroar oss er at vi ikkje kan sluttføre prosjektet. Vi har hatt ein del utfordringar i prosessen med tollmyndigheitene, seier Inger Margrete Eikelmann, sjef for nordområdeseksjonen i Statens strålevern.

Vil heva vraket på sikt

K-159

Ubåten k-159 sokk under slep 30. august 2003, og ligg no på havbotnen i munninga av Kola-fjorden nord for Murmansk.

Foto: REUTERS

K-159 ligg på 246 meters djup, mindre enn 13 mil frå Noreg.

Både russiske og norske myndigheiter ønskjer på sikt å få heva vraket, eller dekkje det til. Ubåten kan utgjere ein stor trugsel for fiskeria i Barentshavet.

Og situasjonen er no så fastlåst at strålevernet har bede om hjelp frå norsk UD.

– Dei prøvane som russarane har tatt er allereie analysert og resultata frå desse er ferdige. Men vi vil gjerne også ha våre prøvar til Noreg og analysera dei hos oss, seier Eikelmann.

Kan innehalde statshemmelegheiter

Etter at toktet var avslutta i fjor vart dei norske prøvane igjen i Murmansk. Eit fraktselskap skulle ordne med alt det formelle – deriblant den mykje omtalte eksporttillatinga.

Tokt til atomubåten k-159

Ein forskar tar prøvar av sjø frå området rundt k-159 under toktet i fjor haust.

Foto: Statens strålevern

NRK har vore i kontakt med selskapet, som fortel at dei jobbar på spreng med å løyse saka.

Problemet er at russiske myndigheiter no krev at sedimentprøvane skal analyserast ved eit russisk laboratorium før dei vert sendt ut av landet.

Etter det NRK forstår fryktar Russland at prøvane kan innehalde informasjon som er å rekna som statshemmelegheiter.

– Vi må kanskje gjere nokre analysar av sedimentprøvene før ein eksporttillatelse vert gitt. Det russiske regelverket er ikkje alltid like lett å skjønne. Derfor jobbar vi no med saka og forsøkjer å få gjennomført dei tinga som må gjennomførast, seier Eikelmann.

Håpar å få alt heim i haust

Toktet har til no kosta Statens strålevern fem millionar kroner. I tillegg kjem lønn og kostnader til etterarbeid.

Statens strålevern kan ikkje svare på kor tid kontainaren med utstyr og prøvemateriale kjem til Noreg.

– Eg trur at prøvane av sjø og utstyret vårt vil komme til Noreg like over ferien. Så må vi gå vidare i prosessen med sedimentprøvane. Men det håpar eg at vi skal få til i løpet av hausten, seier Eikelmann.

Utanriksdepartementet opplyser til NRK at dei har motteke henvendinga frå Statens strålevern, og har vidareformidla den til den russiske ambassaden.

Tokt til atomubåten k-159

Her vert fisk tatt frå området kring k-159 undersøkt og gjort klar til analysearbeid.

Foto: Statens strålevern