Hopp til innhold

Norges største fylke kan bli enda større

Kvænangen kommune blir ein del av Finnmark, om Fylkesmannen får det som han vil. Men det er ikkje problemfritt å bli ein del av anleisfylket Finnmark.

Finnmark med Kvænangen

– Vi ser jo at det kan vere nokre utfordringar med det ein del av ein kommune i Finnmark ikkje vil vere omfatta av Finnmarksloven, seier Bente Haug, styremedlem i Finnmarkseiendommen.

– Det kan by på utfordringar for det kommunale sjølvstyret, til dømes kommunale plan- og bygningsmyndigheiter, som vil få relativ kompliserte prosessar med to forskjellige lovverk, seier ho.

Bente Haug

Bente Haug, styremedlem i Finnmarkseiendommen, trur det kan bli problematisk at ein del av Finnmark ikkje er omfatta av Finnmarksloven, slik resten av fylket er.

Foto: Robin Mortensen/NRK

95 prosent av Finnmarks areal er omfatta av Finnmarksloven, og Finnmarkseiendommen (FeFo) forvaltar areal og ressursar i fylket.

I Fylkesmannen i Finnmark si tilråding om kommunestruktur i Finnmark går fylkesmann Gunnar Kjønnøy inn for at Kvænangen kommune blir slått saman med Alta og Loppa, og dermed blir ein del av landet største og nordlegaste fylke. Men Kvænangen vil ikkje automatisk vere omfatta av Finnmarksloven.

– Gjer samanslåingsprosessen vanskelegare

– Når fylka har vore i møte med Kommunalminister Jan Tore Sanner, så er omsynet til Finnmarksloven ein av dei tinga som har vore problematisert, fortel fylkesordførar i Finnmark Runar Sjåstad (Ap).

– Eg trur det å begynne å stykke opp fylke og dele ut til andre fylke berre gjer denne samanslåingsprosessen enda vanskelegere.

– Eit anna spørsmål er korleis representasjon vil vere opp mot Stortinget, seier Sjåstad.

Runar Sjåstad

Fylkesordførar i Finnmark Runar Sjåstad (Ap) trur det er eit stort ønske om å halde på dei fylkesgrensene som er i dag.

Foto: Sigve Nedredal / NRK

Både areal og innbyggjartal speler inn i mandatfordelinga mellom fylka, og Kvænangen med sine 2109 kvadratkilometer utgjer heile åtte prosent av Troms sitt noverande areal.

Sjåstad håpar Stortinget ikkje vil gå inn for tvang i kommunereforma.

– Når det gjeld det å slå saman geografisk større område, så trur eg ein bør greie ut mykje betre før ein tar avgjerder.

– Og det bør vere basert på ønsker og demokratiske prosessar. Eg har liten sans for tvang, både når det gjeld kommune- og regionreform, seier han.

Venta, men ikkje ønska

I Kvænangen har dei hatt ein demokratisk prosess, og ønsket - det er å bli verande som eigen kommune.

– Ei slik samanslåing vil vere slutten på det vi kjenner som Kvænangen.

Det seier Eirik Losnegaard Mevik, ordførar i Kvænangen kommune.

Eirik Losnegaard Mevik

Ordførar i Kvænangen, Eirik Losnegaard Mevik, trur ei samanslåing vil føre til fråflytting frå Kvænangen, til Alta eller Tromsø og Nordreisa.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

I ei folkeavstemming i Kvænangen røysta heile 92 prosent for å bli verande eigen kommune i framtida, men at dersom det måtte slåast saman var Alta føretrekt partnar.

Ordførar Losnegård Mevik er òg mot samanslåing, men han er ikkje overraska over at fylkesmannen i Troms òg i Finnmark konkluderer på anna måte.

– Det var vel litt som vi hadde venta oss. I folkeavstemminga var det eit fleirtal som ønska å sjå mot Alta, dersom ein skulle bli tvungen til det.

– Så vil jo framtida vise kva stortinget gjer. Det er jo det som er interessant, seier han.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark