Hopp til innhold

Nord-Norge samlar seg

– Verdiskaping og eksport frå dei tre nordnorske fylka er avgjerande for utviklinga av Norge. Det seier fylkesråda for samferdsle i dei tre nordnorske fylka i ei pressemelding. Willfred Nordlund (Sp), Ivar B. Prestbakmo (Sp) og Geir Ove Bakken (Ap) ønsker at regjeringa og resten av landet skal støtte strategien for vekst, «Fra kyst til marked». Bakgrunnen er at fagetatane sitt forslag til ny Nasjonal Tranportplan, for 2018-29 blir lagt fram på mandag.