NRK Meny
Normal

No kjem varmen frå aust – og skogen er full av bær!

Eit høgtrykk over Nordvest-Russland vil gi sol og varme dagar i Finnmark neste veke.
– Kvar dag som bringer sol er fint, seier Katja Romsdal.

Kenneth og Katja Romsdal

Kenneth og Katja Romsdal fann store, flotte blåbær på sundagstur i Kirkenes. – Det er herleg at det vert fint ver når eg startar på jobb igjen. Men då kan me sitja på terrassen og kosa oss utover kvelden, seier Kenneth.

Foto: Amund Trellevik/NRK

Bjørka har allereie fått haustfargar mange stader i Finnmark, men etter mykje nedbør og temperaturar på rundt ti grader mange stader i fylket er det klarvêr i sikte.

Og det er frå aust godvêret kjem, fortel meteorologikonsulent Odd Ivar Olsen ved Vêrvarslinga Nord-Norge:

– Det bygger seg opp eit høgtrykk nord i Russland som vil gje Finnmark mykje godt vêr. Det ser ut som at det vert svært lite eller ingen nedbør og lite vind frå sør- og sørvestleg retning og temperaturar på over 20 grader, seier Olsen.

Kler godt på seg på tur

Kenneth og Katja Romsdal kjem frå skogen med ein liter blåbær. Det er sur vind og rundt ti grader i Kirkenes – og både to- og firbeinte i familien Romsdal har kledd godt på seg.

Hund etter bær

Bella og Nica hadde kledd godt på seg for sundagstur i Kirkenes.

Foto: Amund Trellevik/NRK

– Eg er OK nøgd med vêret. Det er for lang mørketid, for kort sommar. Og våren og hausten er endå kortare. Eg kjem frå Murmansk og er i grunn vant til det, seier Katja.

– Korleis har bærsesongen vore?

– Det er mykje blåbær. Moltene kom tidleg i år, allereie i juli, og då var me oppteken med ferien og rakk ikkje å plukke.

– Kva med sopp?

– Me er ikkje så gode på sopp, seier Katja.

– Ikkje du heller som er frå Russland?

– Nja, eg kan nokre sortar, men sidan mannen min ikkje er så interessert i sopp plukkar me ikkje, seier Katja.

– Er de nøgd med at det vert varmare neste veke?

Sopp i skogen i Kirkenes

Skogen er full av bær og sopp. Neste veke skal det bli varmare i Finnmark – eit vêr som gjer det lett å kome seg ut i naturen.

Foto: Amund Trellevik/NRK

– Ja, det er betre enn kulde, vind og regn. Kvar dag som kjem med sol er flott, seier Katja.

– Det er jo herleg at sommarvêret kjem når ferien min er over, seier Kenneth.

– Slutt no opp. Det er fint å sitja på terrassen utover kvelden i sola, seier Katja.

– Ja, det er sant. Så kan me ta oss eit glas kvitvin og slappa av, seier Kenneth.

Frå Russland med godt vêr

– Det vert varmt heilt aust i fylket, i Kirkenes, med temperaturar på over 20 grader torsdag og fredag neste veke. Det vert også varmt mange andre stader i Finnmark, seier Olsen.

– Godt vêr i Russland er godt nytt for Finnmark?

– Ja, for høgtrykk over Nordvest-Russland betyr frålandsvind. Og er det noko folk i Aust-Finnmark veit så er det at vind frå sør betyr varme dagar, seier Olsen.

Olsen understrekar at Finnmark fylke er stort (48.631 kvadratkilometer) og at det er vanskeleg å slå fast at alle stader i fylket vil få høgare temperaturar neste veke.

Veka startar på rundt 10 grader, medan temperaturen vil auke til rundt 15 grader frå og med onsdag.

– Det ser bra ut også for kysten sin del, i og med at det er vind frå sør. Det er derfor mindre sjanse for tåke og det er jo tåka som gir litt kaldare temperaturar.

Eit lite men er det alltid:

– Det kan kome litt fuktig luft inn over fylket frå og med neste helg, men dette varselet er så langt fram i tid at det er noko usikkert, seier Olsen.

August i Kirkenes

Kirkenes byrjar å bli kledd i haustens fargar.

Foto: Amund Trellevik/NRK