NRK Meny
Normal

No bør du «sko» deg - i morgon kjem snøen

Om du ikkje har bytta til vinterdekk, kan det vere lurt å gjere det no – for til veka kjem snøen.

Vinterdekk

Det kan vere lurt å skifte til vinterdekk om du ikkje har gjort det.

Foto: Colourbox

Kong Vinter melder sin framkost den siste veka i oktober, men det ser ut til at det skal bli eit kortvarig besøk.

– I morra vil det regne og etter kvart som det blir lågare temperaturar så blir det overgang til sludd- og snøbygar, seier Ola Mellem, som er vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga i Nord-Norge.

Til å byrje med vil snøen falle i fjellstrøka, og snøgrensa vil starte på 300 meter. I løpet av dagen i morgon vil denne grensa falle, og det vil også kome snø i låglandet.

Store delar av Finnmark får dermed ein liten smak av vinter dei første dagane av veka.

– Det kjem snø på tysdag også, og så er det mogleg at nedbøren minkar når det blir onsdag, og da kan det bli litt mildare i lufta. Men snøen blir nok ikkje liggande over lengre tid, i låglandet blir det nok mildare igjen. Det kan skje allereie i løpet av tysdag ettermiddag, fortel meteorologen.

Likevel: Det vil nok ta si tid før vinteren verkeleg set inn. For når meteorologen ser på prognosane for dei to neste vekene, ser det ut til at hausten held stand ei stund til:

– Det er ingen klare vintertendenser foreløpig.