Hopp til innhold

Nesseby tar saka til Utmarksdomstolen

Nesseby bygdelag vil sjølv forvalte ressursane i nærområdet.

Fiskehjell i Nesseby

TAR SAKEN VIDERE: Nesseby bygdelag nektar å godta ein situasjon kor Finnmarkseiendommen (FeFo) skal forvalte rettar som historisk høyrer til bygdelaget.

Foto: Eilif Aslaksen / NRK

– Jakt og fiske, fangst, sanking og vedhogst. Det handler om dei fornybare ressursane som er på området, seier Gunn-Britt Retter, leiar i Nesseby bygdelag.

Gunn-Britt Retter

Leiar i Nesseby bygdelag, Gunn-Britt Retter, vil at lokalbefolkninga i området skal ta seg av forvaltninga av naturressursane.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

– Og at eit eventuelt overskudd av dette kjem lokalbefolkninga til gode, seier Retter.

Bakgrunnen for anken er at bygdelaget meiner at det er dei, og ikke Finnmarkseiendommen (FeFo), som har rett til å forvalte ressursene i nærområde.

Bruksrett, men ikkje styringsrett

Finnmarkskommisjonen har slått fast at Nesseby bygdelag har opprinnelege bruksrettar av allmenningsrettsleg karakter i sitt nærområde.

Likevel meiner kommisjonen at staten har etablert rett til å styre lokalbefolkninga si ressursutnytting, ein rett som no blir handheva av Finnmarkseiendommen (FeFo).

Det er denne avgjerda Nesseby bygdelag har anka til Utmarksdomstolen.

Bygdelaget meiner at det er dei og ikkje FeFo, som har rett til å forvalte ressursene i området som går frå Marbakken til Jakobselvkroken, frå Šoaratjohka i vest til kommunegrensa mot Vadsø i aust.

– Området som er rundt Nesseby, boligområdet og marka som tilhøyrer der, har lokalbefolkninga brukt i uminnelige tider, seier Retter.

Øst-Finnmark tingrett

Saken mellom Nesseby bygdelag og Finnmarkseiendommen skal opp i Utmarksdomstolen mandag 15. august.

Foto: Stian Strøm / NRK

Reindrifta på FeFos side

– Eg må presisere at dette handler ikkje om saubønder og reindrifta sine beiterettar, seier Retter.

– Den står på egne bein. Den er beskytta med sine lover og sin rett som er opparbeida over tid, så vår sak omfatter ikkje dei beiterettane dei har til sitt bruk, seier Retter.

Reindriftutøvarane i området er av ei anna oppfatning.

Leiaren for reinbeitedistrikt 6/5D, som ligger på Varangerhalvøya, stiller i retten som partshjelp for Finnmarkseiendommen.

Advokat John Jonassen representerer reinbeitedistriktet i saka og skriv i ein e-post til NRK at reindriftsutøverane i området ikkje ønsker at Nesseby bygdelag skal overta styringa.

«Hvis bøndene vinner frem med sitt krav, vil de overta styring, forvaltning og salg av fiskerettigheter på ursamenes gamle områder (...).»

FeFo: – Ingenting imot at rettar blir tildelt andre

– Mandatet vårt er å ivareta interesser til folk som bor og lever i Finnmark, seier Eirik Palm, leiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i FeFo.

Eirik Palm

Eirik Palm, leiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Finnmarkseiendommen (FeFo).

Foto: Privat

– Vi vil sikre allmennheten tilgang og i størst mogleg grad hindre privatisering av grunn som finnmarkingar i fellesskap eig, seier han.

Palm vil ikkje kommentere denne enkeltsaken, men seier på generelt grunnlag at FeFo ikkje har noko imot at rettar blir tildelt andre, så framt det kan dokumenterast.

Kva ser de på som faremomenta med at bygdelaget i Nesseby får rettigheita til å forvalte naturressursane sjølv?

– Igjen så blir det på generelt grunnlag, men ved særrettar eller ved ei privatisering, så er det ikkje sikkert at dagens rettigar og moglegheiter blir ivaretatt på same måte som gjennom eit felleseige som det er i dag, seier Palm.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark