Hopp til innhold

Nato på minerydding langs norskekysten

– Såpass mykje sprengstoff at ein må ha ein plan for å fjerne det, sier orlogskaptein om minene som ligg igjen etter andre verdskrig.

Natos mineryddingsflåte

Desse ni skipa utgjer Natos minejaktstyrke, som skal finne og detonere miner langs norskekysten i sommar.

Foto: P.A.J. Bergen Henegouwen / Nato

Det er 15 000 miner som fortsatt ligger i sjøen langs norskekysten. Disse ble lagt ut under andre verdskrig. Nord for Bodø reknar ein med at 7000 av minene framleis ligg igjen. Dei neste to vekene skal derfor Nato-skip rydde miner sørover frå Hammerfest.

– Det er såpass mykje sprengstoff som ligg igjen at ein må ha ein plan for å fjerne det, og det er det denne Nato-styrken skal bidra med.

Are Ølberg orlogskaptein

Orlogskaptein Are Ølberg er forbindelsesoffiser under operasjonen.

Foto: FORSVARET

Det seier Are Ølberg, orlogskaptein og liasonoffiser i Forsvaret. Han er forbindelsesoffiser mellom norske myndigheter på land og utanlandske fartøy i norsk havn.

Brukar miniubåtar og dykkarar

Inntil ni skip vil gå gjennom «område av interesse», stadar der ein mistenker det kan vere miner.

– Det at ein mistenker at det er miner ein stad kan vere på grunn av historiske hendinger frå andre verdskrig, frå loggbøker eller at nokon har observert at det er lagt ut miner der. Det kan òg vere at fiskarar eller andre har gjort funn der, seier Ølberg.

Synkemine og gasstanke ved Tirpitz utenfor Tromsø

Her kan ein blant anna sjå restene av ei synkemine. Utanfor Tromsø blei det tyske slagskipet Tirpitz senka. Ved skipet finst det store mengder eksplosiver, og Forsvaret har rydda der fleire gangar utan at alt er tatt hand om.

Foto: Forsvaret

Minene som blir oppdaga blir detonert. Ølberg forklarer korleis mannskapa går fram:

– Då går dei inn med miniubåtar, og sjekker med bilete som dei har fått ombord, om det er ei mine. Så går dei ned med dykkarar, som legg ned ein sprengladning, trekk seg unna og detonerer.

Mine sprengs ved Karmøy

Sprengin av miner kan forårsake ei vansøyle som kan bli eit pra hundre meter høg. Her frå ei tidligare sprengning utanfor Karmøy i Rogaland.

Foto: Peder Torp Mathiesen / Forsvarets mediesenter

Klokka 10 mandag 8. august starter skipa ut frå hamna i Hammerfest, og vil i løpet av to vekers tid jobbe seg sørover. Når dei to vekene er omme skal minejaktstyrken til Trondheim, som er neste havn før ryddinga fortset sørover.

Ryddejobben er ein del av det som vert kalla historical disposal ordenance, eller uskadeliggjøring av historiske sprenglegemer, som er ei opprydning i Europa etter andre verdskrig, primært av miner som blei lagt ut den gang.

Anslag frå krigsdagbøker

I norske farvann reknar ein med at det blei lagt ut om lag 15 000 miner under andre verdskrig. I området som skal ryddast dei neste to vekene finst rundt 7000 miner i skjergarden og på sjøen.

Tala er omtrentlege og er eit estimat basert på observasjonar, telling av depot, samt krigsdagbøker.

– I krigsdagbøkene førte ein kva minefelt ein etablerte, både frå alliert side og tysk side. seier Ølberg.

NATOs minerydding i Nord-Norge

Narvik: Det tyske Elbe (A511), som er stabsfartøyet under operasjonen. Skipet er eit av ni som skal delta i mineryddingsoperasjonen langs norskekysten no i sommar.

Foto: Are Ølberg / Forsvaret

Flere nyheter fra Troms og Finnmark