Hopp til innhold

Når døden er kvardagsliv

– Døden er det siste store tabuet, sa den ivrige samfunnsdebattanten Per Fugelli. Men kva skjer heilt konkret når man dør? Lars Uhlin-Hansen har studert døde menneske i over 20 år.

1000403356

MØTER DEI DØDE: Døden er for mange eit litt vanskeleg tema. Men patologane møter dei døde til dagleg.

Foto: Paul Sigve Amundsen / Samfoto

Lars Uhlin-Hansen har gjennomført minst 1000 obduksjonar og har døden som sitt spesialfelt. Men professoren i rettsmedisin og patologi går aldri på autopilot, og innrømmer at nokre dødsfall gjer større inntrykk enn andre.

– Det er spesielt der barn og ungdom er involvert. Eldre som døyr etter lengre tid med sjukdom er ein ting, men unge menneske som tek livet av seg er meir meiningslaust. Også drapssaker kan gjere store inntrykk.

Han fortel at dei fleste døyr naturleg. Hjarterelaterte dødsfall er vanlegast blant vaksne og kreft er også hyppig. Men ikkje alle blir obdusert. Dette skjer når ein lurar på noko kring dødsårsaka, eller ønskjer å kartlegge ein sjukdom.

Lars Uhlin-Hansen inne på DNA-laben til Rettsgenetisk senter

LIV ETTER DØDEN? Lars Uhlin-Hansen er professor i rettsmedisin og patologi ved UiT. – Som naturvitar er det ganske vanskeleg å tru på eit liv etter døden. Men naturvitskapen har jo heller ikkje svar på alt. Det kan vere ting som man i dag ikkje forstår.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

– Vi opnar kroppen ved å skjere opp bryst og buk. Litt som ved ein omfattande operasjon. Organa blir først inspisert slik dei ligg i lekamen. Deretter tek vi ut eit og eit organ til undersøking.

Finn dei noko mistenkjeleg blir delane undersøkt nærare i mikroskop. Når patologen er ferdig blir organa lagt tilbake og liket kan forlate avdelinga.

To typar obduksjonar

Den første typen går ut på at pårørande eller legen ønskjer å vite kva pasienten døde av. Den andre er når politiet eller rettsstellet ønskjer å vite om det kan ligge straffbare handlingar bak dødsfallet.

– Dei rettsmedisinske obduksjonane er ofte omfattande. Alt frå blåmerke til skrubbsår blir dokumentert, gjerne med bilde. Er vedkomande utsett for knivstikking eller skot, må vi også finne retninga og djupna på skaden.

Er det som på film?

Det hender at Uhlin-Hansen får inn beinrestar der alt blautvevet er borte.

– Då har gjerne personen blitt funne ute og ligge lenge. Ulykker og drap vil vi ofte kunne fastslå. Både brot – og skotskadar viser att i skjelettet.

Ein viss rotningsprosess vil alltid finne stad, men kroppar kan også tørke inn. Dermed kan man i teorien bli til ein mumie.

– Det som skjer etter døden er avhengig av faktorar som temperatur og luftfukt. Blir man liggande lenge på ein tørr og luftig stad, kan kroppen bli meir inntørka enn rotna.

DØDEN ER DET SISTE TABUET: – Den einaste sikre i liva våre er at vi skal døy. Det gøymer vi gjerne bort omringa med tausheitsplikt, sa den no avdøde Per Fugelli.

Du er «dødsstiv» og «likbleik»

Vi høyrer ofte uttrykk som dødsstiv og likbleik, men kva ligg eigentleg i omgrepa?

– Dødsstivheit skjer rundt tre til fire timar etter døden. Den er maksimal etter 10–12 timar. Då er det vanskeleg å bevege lemmane til den døde.

Uhlin-Hansen fortel at dei pleier å binde opp kjeveleddet med eit elastisk bind. Dette fordi liket skal sjå penare ut. Glir munnen opp er den vanskeleg å lukke, og den døde blir likbleik fordi blodet søkk til lågaste punkt.

– Blodet blir ikkje lenger pumpa rundt. Dermed vil huda som ligg opp bli bleik. Blodet renn ned i blodårene som ligg på undersida. Dette forårsakar også såkalla dødsflekkar, som er mørkare område på huda som ligg ned.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark