Hopp til innhold

Myggen som forsvann – eller har den eigentleg det?

Fleire stadar på Austlandet klagar folk på store mengder mygg, men i nord er den etterlyst. Kvar er du, vesle ven?

Mygg

KVAR ER MYGGEN? For mange er myggen ei plage. I fleire land spreiar den farlege sjukdommar. At det pleier å vere mykje mygg i Finnmark og andre delar av Nord-Norge er inga overrasking.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Myggen er nok til stades. Kor mykje mygg det er ein stad er avhengig av vêr, vind og føre. Den må også ha opne vasspeglar til larvane sine, seier Petter Bøckman.

Petter Bøckmann

IKKJE KANSELLER MYGGSESONGEN: – Myggen likar seg i varmt og overskya vêr. Dei er avhengige av dammar for å formeire seg, ettersom larvane lev i vatn, seier Petter Bøckman, zoolog og universitetslektor ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo (UiO).

Foto: Åse Vartdal / NRK

Han fortel at myggen rekk å lage ein ny generasjon på to veker. Dermed er det er ingen grunn til å tru at myggen har flytta sørover og avblåse myggsesongen i nord.

– Der det er myggfritt i dag, kan det godt bli myggfullt i morgon, seier Bøckman.

Myggen likar seg best i rolege forhold og treng fukt.

– Dersom det regnar og kjem litt varme etterpå, då kan det eksplodere!

Har sett lite mygg

Det er få som har sett noko til myggen i Alta. Nokre gleder seg til gjensynet, medan andre synast den kan la vere å dukke opp.

Trond Olsen

INGEN SOMMAR UTAN MYGG:– Myggen høyrer til i Finnmark. Eg synast det er artig med mygg. Den er stemningsskapande, seier Trond Olsen.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

«Mygg og fisketurar høyrer saman, men sesongen er sein i år. Det har jo vore mykje snø», Trond Olsen, friluftslivsentusiast.

«Eg har ikkje sett ein einaste mygg, men eg har fått to myggstikk», Anita Heitmann, butikkmedarbeidar på Buddy.

«For ikkje lenge sidan snødde det om natta. Kanskje dei har frose i hel?» Edel Marit Gaino, kafégjest.

«Det har vore lite mygg til no. Dei ligg vel å ventar på varmen og det kan dei godt fortsetje med», Henriette Olsen, småbarnsmor.

Reinsdyr og «mygghøl»

Myggen overvintrar som egg og utviklar seg som larvar i vatn utover våren og på forsommaren, fortel Preben Ottesen ved Folkehelseinstituttet.

Preben Ottesen

PLUSS OG MINUS MED MYGG:– Fuglar som lev av mygg må finne alternative matkjelder. På den andre sida er det bra for reinsdyra med ein sein myggsesong, seier Preben Ottesen ved Folkehelseinstituttet.

Foto: Anette Torjusen / NRK

Dei har fått rapportert inn store mengder mygg fleire stadar i Sør-Norge. På landsbasis set sesongen inn rundt sankthans.

No ligg Nord-Norge nesten fire veker etter resten av landet og kaldt vêr er nok grunnen.

På slutten av 1940-talet var det gjennomført ei doktoravhandling om kvifor det var så mykje mygg i Finnmark.

– Konklusjonen var reinsdyra. Det ser vi døme på andre stadar i landet òg. I Femundsmarka er det meir mygg straks du kjem til reinområdet. Ein sein myggsesong er ein fordel for reinsdyra.

Slå ut vatn

Zoolog Petter Bøckman fortel at larvane til myggen lev i vatn og feitar seg opp på grønske.

– Dersom du er ekstra plaga av mygg, kan det vere lurt å sjå om det står noko som har samla opp vatn i nærområdet. Dette kan til dømes vere ei trillebår eller bøtter.

Han legg til at myggen ikkje er spesielt glad i steikande sol. Dermed kan dei som ønsker å unngå den halde seg i sola og trekke inn når det vert litt mørkt og fuktig.

Mygg

DERSOM DU ER PLAGA: Myggen bit på den som er tilgjengeleg. Du kan slå til med myggspray, myggspiral, ta deg ein røyk, sette deg inn, eller dekke kroppen med kle.

Foto: Ut i naturen / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark