Hopp til innhold

Mot løysing i to år lang atomprøvestrid

I over to år har Statens strålevern jobba for å få heim prøvar tatt ved atomubåten K-159 utanfor Murmansk. Strålevernet tar kritikk for måten saka er handtert på, men håper prøvane snart er i Noreg.

Russisk atomubåt av November-klassen

K-159 ligg på 246 meters djup, mindre enn 13 mil frå Noreg etter at den søkte under slep med ei mannskap på ni i 2003.

Foto: AP

I over to år har Statens strålevern og seksjonssjef for nordområdeseksjonen Inger Margrethe Eikelmann jobba for å få løyst problema med å få sendt heim sedimentprøvar tatt på havbotnen utanfor Murmansk.

Prøvane har vore innelåste på eit lager i Murmansk sidan det felles norsk-russiske toktet vart avslutta hausten for to år sidan.

Inger Margrethe Hætta Eikelmann

Inger Margrethe Eikelmann, seksjonssjef for nordområdeseksjonen i Statens strålevern.

Foto: Amund Trellevik/NRK

Saka går no endeleg mot ei løysing, seier Eikelmann.

– No høyrer vi at ting skjer. Og vi håper at det går til det betre. Vi har funne ut av byråkratiet i Russland og har levert inn søknad for å få eksportløyve.

– Kva betyr det?

– Det betyr at vi er eit steg vidare og nærare målet, seier Eikelmann.

Vil heve atomubåten

Det var i august 2014 at norske og russiske forskarar gjorde undersøkingar av vatn og havbotn ved den sovjetiske atomubåten K-159.

K-159 ligg på 246 meters djup, mindre enn 13 mil frå Noreg etter at den søkte under slep med ei mannskap på ni i 2003.

Både russiske og norske myndigheiter ønskjer på sikt å få heva vraket, eller dekkje det til. Ubåten kan utgjere ein stor trugsel for fiskeria i Barentshavet.

I utgangspunktet vart både vatn- og sedimentprøvane halde tilbake i Russland, men etter kvart vart prøvar av sjø sendt til Noreg.

Dei russiske forskarane har for lengst fått analysert sitt prøvemateriale, utan at det vart gjort funn som viser at det er lekka ut radioaktivt materiale frå ubåtvraket.

Vannprøver fra sunken atomubåt

Det er gått over to år sidan russiske og norske forskarar tok prøvar av vatn og havbotn ved atomubåten K-159.

Foto: Statens strålevern

Strålevernet tar sjølvkritikk

Eikelmann, som håper saka snart vil vere løyst, forklarer problema med å få prøvane heim slik:

– Det viste seg at det var tollrestriksjonar på det å ta med seg sedimentprøvar frå Russland til Noreg og at ein måtte ha eksportløyve. Dette eksportløyvet var det ikkje så lett å finne ut kven som stod for og kven som måtte gjere dette arbeidet mellom dei to landa, seier Eikelmann.

På eit tidspunkt var situasjonen så fastlåst at Utanriksdepartementet vart involvert.

Men Statens strålevern tar no sjølvkritikk for måten saka er handtert på.

– Vi har lært at vi må gjere heimeleksa vår betre neste gong når det gjeld å få med oss prøvane heim til Noreg.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark