Hopp til innhold

Mistillit mot høgreleiar

Eit fleirtal av styret i Tana Høgre, har stilt mistillitsforslag mot leiar Kåre Breivik. Grunnen skal vere pengeuttak som ikkje har skjedd etter reglementet.

Kåre Breivik

- Ein storm i eit vannglas, seier Kåre Breivik om at han skal ha gjort ureglementære uttak frå partiet sin konto.

Foto: Eilif Aslaksen / NRK

Eit fleirtal av styret i Tana Høgre, har stilt mistillitsforslag mot leiar Kåre Breivik, skriv avisa Ságat i si papirutgåve.

Grunnen skal vere ureglementert uttak av pengar frå Tana Høgre sin bankkonto, utan at det kan leggast fram dokument på dette.

Kasserer i Tana Høgre, Tone Orvik Kollstrøm, seier til Ságat at ho ikkje ønsker å kome inn på kor store summar som er tatt ut.

Tone Orvik Kollstrøm

- Mistillitsforslaget bunner i ureglementerte uttak av pengar frå Tana Høyre sin konto, samt manglande levert dokumentasjon, seier kasserar Tone Orvik Kollstrøm til Ságat.

Foto: Nils Henrik Måsø / NRK

Pengeuttaket blei tatt opp på styremøte førre torsdag, der Kåre Breivik fekk ei frist på seg til å vise vedlegg for uttaka som er gjort. Denne fristen skal han ikkje ha overheldt, ifølge Kollstrøm.

Kåre Breivik seier til NRK at han skal gå gjennom alle uttaka med revisor i neste veke.

– Styret og medlemmar skal då få den informasjonen dei treng, seier han.

Tana Høgre har ein policy på at to frå styret skal vere informert om uttak frå lagets konto, noko som ikkje var tilfelle i denne saka.

Leiar i Finnmark Høgre, Jo Inge Hesjevik, vil ikkje kommentere denne enkeltsaka til NRK, men seier på generelt så er han opptatt av at ting skal går føre seg ryddig.

- Eg håpar at det ikkje er noko utover det normale, men eg har forståing for at ein vil har klårleik i kva som har skjedd, seier Hesjevik.