De totale overskridelsene på Snøhvit nærmer seg nå hele 20 milliarder kroner. Ingen av dei vi har tala med vil kommentera våre opplysningar om dei siste overskridingane. Men vi veit at dette var hovudsaka på Statoil sitt styremøte i går ettermiddag.
Alvorleg
Saka er alvorleg for Statoil. Svært alvorleg. I dag vil både Oslo Børs og New Yorkbørsen bli orienterte om den siste utviklinga. Nå nærmar dei totale Snøhvit-overskridingane seg 20 milliiardar kroner. Då Snøhvitutbygginga blei godkjend av Stortinget i mars 2002 var prislappen 39,5 milliardar. Til nå har altså kostnadene stige til 58,3 milliardar kroner.
Vi veit i dag ikkje kva som har ført til den siste prissmellen. Men mykje tyder på at det heile gjekk gale frå starten. Dei norske verfta som deltok i anbodskonkurransen blei skvisa, og hovudkontrakten blei lagt til det spanske vertet Dragados.
I tillegg overlet Statoil hovudstyringa av prosjektet til det tyske ingeniørselskapet Linde. Trass i at Linde har motteke milliardar av kroner frå Statoil, har det vist seg at Linde på ingen måte har hatt ei heldig hand med styringa.