Hopp til innhold

Meteorologen: Heftig i vest, pent i aust

Det er kraftig vind i Vest-Finnmark denne skjærtorsdagen.

Påskefjell

Det er pent vêr i austlege delar av Finnmark i dag, men vindfullt i vest.

Foto: Berit Rødstøl

Akkurat no er det eit heftig lågtrykk som dominerer i dei vestlege delane av Finnmark, og vest for Nordkapp merkar ein det spesielt med sterk nordavind og snøbyger.

Akkurat no er tre vegstrekningar i Finnmark stengt på grunn av uvêr: Europaveg 69 er stengt mellom Skipsfjordhøgda bom og Skarsvåg, i tillegg til at vegen også er stengt mellom Skarsvåg og Nordkapp. Fylkesveg 156 mellom Gjesværkrysset og Gjesvær er også stengt på grunn av uvêr.

  • Her kan du halde deg oppdatert på trafikken i fylket!

Sjølv om det er kraftig vind i Vest-Finnmark, er det delar av Finnmark som får bra vêr i dag, fortel vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga for Nord-Norge, Trond Robertsen.

– Det går eit skarpt skilje mellom vest og aust i dag. For ved Laksefjorden er det knakande flott vêr og skiftande bris. Og heile Varangerhalvøya har knakande fint vêr, seier Robertsen.

Ved kysten, som i Vardø og i Vadsø, kan det kome litt snø i løpet av dagen. På Finnmarksvidda er det akkurat no låge tåkeskyar og her kan det også kome litt snø.

Bygane og vinden som dominerer i vest vil gje seg utover ettermiddagen og kvelden, fortel meteorologen:

– Og i morgon blir det rimeleg greit i vest!

Flere nyheter fra Troms og Finnmark