Hopp til innhold

Meiner nordmenn ikkje vil betale for fersk fisk

Norge sel fisk til utlandet som aldri før, men å selje fersk fisk til nordmenn er utfordrande.

Jonny Pettersen

FERSK FISK: I mai i fjor åpnet Jonny Pettersen fiskebutikk på kaia i Hammerfest.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

– Prisen ligg på om lag 90 kroner kiloet for fersk torsk på det europeiske marknaden. Det finn du ikkje mange nordmenn som er villige til å betale, seier fiskehandlar Jonny Pettersen, som driv fiskebutikken Havørna i Hammerfest.

– Spesielt her oppe i Nord-Norge, der ein har vore vant med relativt lett tilgang på fisk, og ikkje minst billig fiske, så er folk lite betalingsvillige.

Eksport av norsk fisk slår alle rekordar, og både oppdrettsnæringa og fiskeria har opplevd tidenes høgaste prisar i 2016. I fjor eksporterte Norge fisk for dryge 90 milliardar kroner. Berre fem prosent av fisken blir igjen i Norge.

I Hammerfest har Pettersen starta året med permitteringar av tilsette, og han opplever at folk ikkje vil betale det fisken faktisk kostar. Han ønsker meir marknadsføring av norsk fisk i Norge.

– Vi er ein kjøpesterk nasjon, og nokon burde kanskje fortelje det norske folk, og kanskje spesielt det nordnorske folk, at fersk torsk – det er faktisk eit høgkvalitetsprodukt, som verda elles er villig til å betale for, seier Pettersen.

– Nordmenn et for å overleve

Administrerande direktør Steinar Eliassen i fiskeindustriselskapet Norfra sender nesten all sin fisk til utlandet. Han meiner det er kulturforskjellar som gjer nordmenn mindre villige til å betale for ferskfisken.

Steinar Eliassen

Administrerande direktør i fiskeindustriselskapet Norfra, Steinar Eliassen.

Foto: Hans Ludvig Andreassen / NRK

Eliassen meiner der er kultur i Norge for at fisk ikkje skal koste mykje. I Noreg er ein gjerne vant med å fange fisken sjølv. Og at det er kjøtt som skal koste, ikkje fisk.

– Høgkvalitetsfisken går til folk som veit å setje pris på god mat, seier han, og viser til marknadane lenger sør i Europa.

– Det et ein for å nyte, medan vi i Norge er vant med å ete for å overleve.

Fiskeelskarane dør ut

Asbjørn Warvik Rørtveit, direktør for marknadsinnsikt og marknadstilgang i Noregs sjømatråd, trur ikkje det handlar om pris, men om tilgjengelegheit.

– Den må vere tilgjengeleg på den måten forbrukaren ønsker når ein kjøper middagsmat. Det er det ofte sånn at når ein står framfor disken, så har ein ikkje det tilbodet ein skulle hatt på sjømat.

Asbjørn Warvik Rørtveit

Asbjørn Warvik Rørtveit, direktør for marknadsinnsikt og marknadstilgang i Noregs sjømatråd.

Foto: Kai Erik Bull / NRK

Han vil ha produkt som passar til eitkvart høve, og at det er evne å distribuere produkta i daglegvarebutikkane, og til å marknadsføre dei på ein god måte.

Warvik Rørtveit seier det er eit stort potensial for å auke salet. Men har ser at konsumet i Noreg er stagnerande, til dels fordi vi har ei befolkning av fiskeelskarar som faktisk er på tur å døy ut.

– Det er vi nøydde til å gjere noko med dersom vi skal nå målet helsemyndigheitene har sett for fiskekonsum, seier han.