Matts har lese sjølv sia han var fire år. No er han landets yngste leseombod

Niåringen har eit veldig viktig arbeid. Han jobbar med å spreie leseglede.

leseombod

Matts Johansen Mortensen Breck likar å drøyme seg vekk i bøker og blad.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Publikum ønsker Matts Johansen Mortensen Breck velkommen som ei rockestjerne.

Ungane i Høtten barnehage i Finnmark har lunsj og lesestund i Havøysund bibliotek, og stemninga står i taket når det purunge leseombodet presenterer dagens bok.

Matts spreier leseglede.

Ungane i barnehagen gler seg til å få Matts på besøk.

– I dag skal eg lesa boka om trollungen Tambar, forklarer han, og viser fram ei fargerik bok med masse bilete, medan ungane følger oppmerksamt med.

Dei fleste er pensjonistar

– Det er koseleg å gje, og ikkje berre få. Eg gjev dei jo ei leseoppleving. Eg blir glad sjølv, og eg trur dei eg les for også blir glade, seier han.

Eit leseombod er ein person som les høgt for folk som ikkje kan lesa sjølv. Det

leseombod

Barnehageungane koser seg med matpakke og høgtlesing.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

kan blant anna vera eldre, sjuke, utviklingshemma, eller barn som ikkje har lært å lesa sjølv.

Leseombod er organisert gjennom foreininga «lesar søker bok», som samarbeider med ca. 330 bibliotek i heile landet. Alle fylke har leseombod, og det finst rundt 1200 til saman ifølge foreininga sjølv. Dei understrekar at dei fleste er pensjonistar, så Matts er minstemann med god margin.

– Litt nervøs på førehand

Biblioteket i Havøysund er stolte av å ha rekordhavaren i stallen, og biblioteksleiar Lillian Jacobsen er svært nøgd med jobben han gjer.

– Biblioteket her i Havøysund har gjort eit verkeleg skup. Han har ei fantastisk lesestemme. Det var det som fenga meg då eg høyrde han lesa første gong. I tillegg er han utruleg behageleg å arbeide med, skryt ho.

LIlliam Jacobsen

Biblioteksleiar er strålande nøgd med å ha Matts med på laget.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Førebels er det berre barnehagen som får servert andeleg føde av det unge ombodet, men snart skal han spreie litterær lystigheit både i omsorgsbustader og blant eldre i Måsøy kommune.

Det gler han seg til. Niåringen har lese sjølv sidan han var mellom fire og fem år, men innrømmer at det er litt spesielt å lesa høgt for eit publikum.

– Eg er alltid litt nervøs før eg set i gang, men når eg kjem i gang så går det jo bra.