Hopp til innhold

Matar du småfuglane? Då vil Norsk Ornitologisk Forening ha hjelp frå deg

Alt du treng er ein pakke fuglefrø og litt god tid.

Kjøttmeiser i matfatet

KJØTTMEIS: Ornitolog Morten Ree er bekymra over at talet på meiser har gått ned. Han meiner klimaendringane kan spele inn på kvifor fuglebestanden er i endring.

Foto: Knut Dreiås

Om du set deg godt til rette i ein god stol og ser ut vindauget. Kva fuglar ser du? Kor mange er dei?

Dette er spørsmål Norsk Ornitologisk Forening gjerne vil ha svar på. For helga 27. og 28. januar er duka for den årlege hagefuglteljinga. Alle kan delta.

Morten Ree

INVITERAR ALLE: Ornitologen Morten Ree seier alle kan bidra i årets hagefuglteljing. Det er berre å gå inn på Fuglevennen.no.

Foto: Anne Heidi Røstad / NRK

– Om lag 400 000 nordmenn legg ut mat til fuglane om vinteren og rundt 16 000 tonn med villfuglmat blir seld årleg, fortel ornitologen Morten Ree.

I 2008 blei teljinga av hagefuglane systematisert og ornitologen ser nokre tydelege trendar.

– Det er bekymringsfylt at bestanden av meis går ned. Og ein del artar, som har vore utbreitt på Sør – og Austlandet, trekk stadig lenger nord og inn i landet.

Har fuglefest i hagen

– Her kan vere mellom 100 og 150 fuglar på ein gong. Akkurat no har det kome nokre blåmeisar og grønfinkar. Desse finkane pleier ikkje å kome før enn i mars, fortel Helge Borud.

Utanfor huset til Helge Borud

UTSIKTA TIL HELGE BORUD: – Vi har fått eit par andre til å bli med på teljinga og, men her i Karasjok er det alt for få som deltek.

Foto: Helge Borud / privat

Han og kona kikar ofte på fuglane gjennom vindauget i Karasjok. Dei har ført observasjonar i notisbøker i ei årrekkje. Det hender også at besøkande blir ståande i timevis for å følgje med på fuglelivet.

– Her treng jo fuglane ei jamn fôring heile vinteren. Det vi bidrar med i vår hage trekker nok til seg fuglar frå eit stort område. Så det har nok ei stor betydning.

Tel på den mørkaste tida

– Dette er ein fin aktivitet i mørketida og treng ikkje å ta ein heil dag, fortel Morten Ree.

Han ser ikkje bort ifrå at folk kan kome i skade for å telje same fuglen to gongar.

– Småfuglane virrar omkring frå busker og tre til fuglebrettet. Så heilt nøyaktig blir det nok ikkje. Men feilmarginen blir jo nokså den same år etter år, så det blir jo målbart.

For meir informasjon kan du besøke: Fuglevennen