NRK Meny
Normal

Massiv støtte til skipper Sandra

– Eg trudde ikkje det villa ta sånn av, men det viser seg jo at mange har hatt same problem med det eg har opplevd, seier Sandra Andersen Eira.

Sandra Andersen Eira

Skipper Sandra Andersen Eira har fått massiv stønad etter at ho fortalde historia si.

Foto: Kristin Forland / NRK

Menn og kvinner i mannsdominerte bransjar frå inn- og utland har teke kontakt med Sandra Andersen Eira etter at ho fortalde om haldningane ho møter som kvinneleg fiskar.

– Responsen har vore heilt ekstrem. Folk frå heile Norge, samt Island, Sverige og Danmark har teke kontakt og vist støtte. Det er veldig fint, seier ho.

– Blir provosert

Det var spesielt etter at Sandra valde å satse og kjøpe eigen båt at ho merka forskjellen i korleis ho blei behandla samanlikna med dei mannlege kollegaene.

Sandra Andersen Eira

Skipperen har møtt grov diskriminering i arbeidslivet, og er glad for all støtte ho nå får.

Foto: Kristin Forland / NRK

– Å koma seg gjennom det byråkratiske er jo ein ting, men når ein i tillegg skal bli møtt med spørsmål om ein vaskar båten, eller rett og slett blir ignorert. Dette skjer på kaia, aldri på havet, understrekar ho.

– Dei vender seg til mannleg mannskap i staden for meg. Eg får også beskjed om å finna meg eit skikkeleg yrke, for det eg driv med er berre vas.

Overraska kollegaer

På kaien i heime i Olderfjord er fiskarkollegaer overraska over haldningane som Sandra har møtt.

– Eg hadde ikkje trudd ho ville møte slike haldningar berre fordi ho er dame og vil inn i fiskaryrket, seier Bernt Wilhelmsen, som har vore fiskar i 50 år.

Bengt Wilhelmsen

Kollega Bernt Wilhelmsen er sjokkert over haldningane Sandra møter.

Foto: Kristin Forland / NRK

– Det er ikkje haldbart. Me må ha kome lenger i 2017. For det første så treng me rekruttering i yrket, for det andre så treng me fleire damer.

Han understrekar at høg snittalder på fiskarane gjer at det er særs viktig med rekruttering.

Ønsker fleire kvinner

Berre 12 av totalt 1800 fiskekvotar er eigd av kvinner.
Åsulv Solstad, avdelingsleiar ved Likestillingsombudet seier det er viktig å rekruttere kvinner til mannstunge yrke.

– Vår erfaring er at i mannsdominerte yrke så er ein nøydd å jobbe med å få fleire kvinner inn. Samstundes så må me ta vare på dei kvinnene som tek utradisjonelle val, slik at dei får den støtta dei treng.

Solstad oppfordre fleire til å gjere som Sandra.

– Me treng fleire som Sandra, ikkje færre. Det vil seie at fleire må stå fram når dei opplever slike ting, slik at me kan jobbe me denne typen haldningar

For Sandra har all responsen gitt ho eit nytt perspektiv på det ho først såg på som irritasjonsmoment i arbeidskvardagen.

– Eg har irritert meg over at eg har måtte arbeide meir og hevde meg meir fordi eg er jente, men eg har ikkje tenkt på det som diskriminering før nå. Nå innser eg jo at dette er eit langt større problem enn eg først trudde.