Hopp til innhold

Malene (25) har hatt 11 beinbrot, men nekter å gi opp gulldraumen i USA

Berre gull er godt nok når Malene Trosten Andersen reiser til USA for å ta revansje i verdas tøffaste snøskutercross-serie.

Malene Trosten Andersen

I fjor enda Malene Trosten Andersen på ein samanlagt andreplass i Snocross national. I år er berre førsteplassen god nok.

Foto: CRYSTAL WALLEM / CRYSTAL WALLEM PHOTOGRAPHY

– Alle som driver med skutercross drøymer om å reise til USA. Det er her idretten er verkeleg stor, det er her dei beste samlar seg og den største serien i verda er.

Den 24. november deltek Andersen i den amerikanske Amsoil-serien i Duluth, Minnesota. Der skal ho hoppe fleire titals meter gjennom lufta, lande med full gass og skyte fart på den svært kuperte bana. I fjor blei ho nummer to samanlagt. Det skal ikkje skje i år.

– Dette er min tredje fulle sesong i USA, og eg er dritlei av den der 2.-plassen. Eg går for både gull i USA, VM- gull og alle gull eg kan ta med meg på vegen. I år er året!

Malene Trosten Andersen gir gass i ein sport veldig få kjenner til: snøskutercross. Men i miljøet veit dei at 25-åringen frå Vadsø er god. Ho har fleire topplasseringar i inn- og utland.

Under motorsporten sin idrettsgalla på Gardermoen i midten av november, blei ho kåra til både årets kvinnelege utøver, og årets utøvar i skutercross.

Malene Trosten Andersen

Malene Trosten Andersen har blitt mange erfaringar rikare etter kvar sesong. I år har ho skyhøge forventningar til seg sjølv. Her frå tidlegare deltaking i Amsoil-serien i USA.

Foto: Privat

Revansjelysten i ein risikofylt sport

– Lista på skadar begynner å bli lang, men dei siste åra har eg vore skadefri.

Ho har hatt 11 brot. Mange av desse fekk ho under ein konkurranse for nokre år sidan. Der blei ho påkøyrt bak ifrå og kasta av snøskuteren. Ho blei påkøyrt ein gong til og fekk ein anna snøskuter over seg. Det førte til brot tre stader i ryggen, i skulderbladet, to knekte ribbebein og indre blødingar.

– Men risiko er det uansett i alle idrettar og eg har vore maks uheldig.

Med Olympiatoppen på banen

I sommar blei Andersen tatt inn som utøver i Olympiatoppen og fekk tildelt stipend.

– Det er stort for oss som driver med snøskutercross at det har kome under vintergreina til Olympiatoppen. Endeleg ser dei på skutercross som ein seriøs idrett. Det er også stort at dei satsar på meg framfor mange andre.

Men ho innrømmer at ikkje alt er gull og glitter.

– Mange trur det er enkelt å reise til USA for å vere fulltids idrettsutøvar. Eg skal liksom berre dit og køyre litt snøskuter. Men det er beinhardt både psykisk og fysisk.

Malene Trosten Andersen på jobb

Malene går frå jobben sin i smykkebutikken Glitter for å jakte på gullmedaljen i USA.

Foto: Kristian Sønvisen Bye / NRK

Sportssjefen følger spent med

– Den siste tida har Malene Trosten Andersen trent knallhardt og systematisk. Ho stiller sterkare enn nokon gong. Samarbeidet med Olympiatoppen har gitt gode resultat på kort tid, seier sportssjefen i Norges motorsportforbund, Tommy Rovelstad.

Tommy

– Dette er fantastisk for snøskutercrossen og heile motorsportmiljøet at ein har flinke utøvarar som Malene Trosten Andersen som representantar, seier Tommy Rovelstad i Norges motorsportforbund.

– Det er heilt unikt. Skutercross har fått eit oppsving den siste tida.

Sjølv om Olympiatoppen ikkje har spesialkompetanse på snøskuter kan kunnskap frå andre idrettar overførast.

Rovelstad fortel at også skutercrosskøyrar Elias Ishoe er tatt inn i varmen. I tillegg har fleire unge utøvarar fått tildelt stipend den siste tida. Det er minst fire utøvarar som tek turen frå Noreg til USA for å delta i «Snocross national».

Skal fly høgt over den evig 2.-plassen

Andersen seier at erfaringar frå tidlegare sesongar og auka treningsmengde er med på å gi ho sjølvtillit.

– Har eg ikkje trua er det ingen vits. Eg forventar at hovudet skal vere iskaldt og at eg held meg roleg når det står på. Det gjeld å stoler på erfaringar og vite kvar ting sit og kvar det tar.

Malene Trosten Andersen

Amsoil-serien i USA går over åtte rundar i år og blir sendt direkte på nett mellom klokka 04.00 og 06.00 i norsk tid. Det kjem til å bli mange lange netter for dei heime i Noreg framover.

Foto: privat

Flere nyheter fra Troms og Finnmark