Letta over å behalde fiskerikontor

– Vi er kjempeglad for det, seier ordførar i Båtsfjord, Geir Knutsen etter beskjeden om at fiskerikontoret i Båtsfjord ikkje er blant dei som vert lagt ned.

Båtsfjordbruket

Båtsfjord er ein av fire stadar i Finnmark som får behalde sitt fiskerikontor.

Foto: Stian Strøm

Fiskeridirektoratet har vedtatt å legge ned ni fiskerikontor innan utgangen av 2016.


I Finnmarks vert kontora i Vardø, Kjøllefjord og Havøysund lagt ned, medan Båtsfjord, Vadsø, Hammerfest og Honningsvåg får behalde sine kontor, melder Fiskeribladet Fiskaren.

– At kontoret i Båtsfjord blir berga, det meiner eg er nesten er ei sjølvfølgje. Båtsfjord er kjent som fiskerihovedstad, og ein fiskerihovudstad utan fiskerikontor, det hadde ikkje hengt på greip, seier ordførar Geir Knutsen.

Geir Knutsen

Ordførar i Båtsfjord, Geir Knutsen (Ap) er glad for å få behalde fiskerikontoret i kommunen.

Foto: Båtsfjord kommune

– Kontora må vere der det er aktivitet heile året. Dei bør ikke sentraliserast. Eit fiskerikontor bør vere i et fiskerisamfunn, og det er nettopp det Båtsfjord er, seier han.

Finnmark får behalde fire fiskerikontor, men regionkontoret blir flytta ut av Finnmark, til Tromsø. Det syns Knutsen er beklageleg.

– Det vi opplev no er ei sentralisering. Vi ser at det vert flytta funksjonar frå mindre til større stadar i fylket, og det stopper ikke der, det blir óg tatt ut av fylket, seier han.