Hopp til innhold

Droppar psykologtimar grunna lange reiseavstandar

Over heile landet slit kommunar med å rekruttere psykologar. Spesielt i område med lange reiseavstandar ser ein med uro på situasjonen.

Psykolog

Innan 1. januar 2020 skal alle kommunar ha tilgang på psykologkompetanse, har Stortinget vedteke. Men så langt går det treigt med rekruttering mange stader. Spesielt i område med lange reiseavstandar kan psykologmangelen vere ei stor utfordring.

Foto: Hans Ola Hevrøy / NRK

Kanskje tenkjer mange at vinninga går opp i spinninga når ein må køyre fleire timar for å gjennomføre ein samtale.

Marit Karlsen

Stortinget har vedteke at alle kommunar i landet skal ha tilgang på psykologkompetanse innan 1. januar 2020. Ei oppteljing frå i fjor viste at berre om lag halvparten av kommunane hadde dette på plass, ifølgje Helsedirektoratet.

I Finnmark har berre seks av 19 kommunar kommunepsykologar. Og i eit fylke med store avstandar mellom tettstadene fryktar mange at fleire droppar å gå til psykolog, fordi dei ikkje orkar å bruke mange timar på reiser.

– Eg trur definitivt at det er slik. Kanskje tenkjer mange at vinninga går opp i spinninga når ein må køyre fleire timar for å gjennomføre ein samtale. Det kan for mange vere krevjande i den situasjonen dei står i. Å ha eit nært og godt forhold til den kommunen dei bur i, kan for mange vere avgjerande, meiner Marit Karlsen

Ho er landsstyrerepresentant i Allmennlegeforeningen og hovudtillitsvalt for allmennlegane i Finnmark.

Marit Karlsen fastlege i Kautokeino

Marit Karlsen meiner kommunepsykologordninga er eit viktig lågterskeltilbod. I Kautokeino, der Karlsen er lege, har dei ei ordning med to psykologar som deler på ei 100 %-stilling.

Foto: André Bendixen / NRK

– Treng kjappe tiltak

Karlsen får støtte av Turid Janita Lehto, leiar i Mental Helse Finnmark.

– Vi veit jo at det har vore rekrutteringsproblem i heile Norge omtrent. Og det er jo spesielt vanskeleg å rekruttere psykologar til kommunar med låge folketal. Skal Finnmark vere i mål innan 2020 så det gjerast tiltak – og det fort, er beskjeden frå Lehto.

Turid Janita Lehto

Turid Janita Lehto er leiar i Mental Helse Finnmark. Dei vil jobbe for at kommunane blir bevisste på at dei innan 1. januar 2020 må ha tilsett psykolog.

Foto: Privat

Og legg til at det i eit fylke som Finnmark er vanskelegare å få tilgang til private psykologar enn det er i sentrale strok.

Lehto fryktar for konsekvensane om det ikkje situasjonen betrar seg snart, men trøystar seg med at situasjonen ikkje kan bli verre enn han er no.

– Ikkje så ille

Alle kommunar kan vere med i ei tilskotsordning der dei får 400.000 kroner per år for å opprette kommunepsykolog-stillingar.

I Finnmark har seks av dei 13 kommunane som manglar kommunepsykolog slutta seg til dette programmet, utan å få napp så langt.

– I regional samanheng er ikkje dette så dårlege tal. Men vi håper sjølvsagt på endå betre tal etter kvart. For denne tenesta er veldig viktig, ikkje minst for utsette born og unge i kommunane, seier assisterande fylkeslege, Marit Gansmo.

– Pasientane er nøgde

Ein av dei seks kommunane i Finnmark som har tilgang på psykologkompetanse er Kautokeino. Der deler to psykologar på ei 100 prosent-stilling i kommunen, i tillegg til at dei jobbar i spesialisthelsetenesta.

Margrethe Bals Utsi

Margrethe Bals Utsi jobbar 50 prosent som kommunelege i Kautokeino, i tillegg til 50 prosent i spesialisthelsetenesta. Kautokeino er ein av seks kommunar i Finnmark som har tilgang på psykologkompetanse.

Foto: Privat

Ein av dei, Margrethe Bals Utsi, opplever at pasientane i Kautokeino er godt nøgde med tilbodet.

– Først og fremst fordi tilbodet er så lett tilgjengeleg. Det er ikkje lang venteliste, det er gratis og ein bestemmer sjølv kor lenge ein ønskjer oppfølging – så lenge det ikkje er veldig alvorleg, seier Utsi.