NRK Meny

Lågare arbeidsløyse i februar

Arbeidsløysa i Finnmark var lågare i februar i år enn på same tidspunkt i fjor. Totalt er 1426 personar registrert utan arbeid, noko som er 31 færre enn på same tid i fjor, melder Nav Finnmark. Av desse er 271 buset i Alta kommune. Kommunane med høgast arbeidsløyse er Gamvik og Kautokeino, medan det i Porsanger er lågast arbeidsløyse, skriv Altaposten.