Hopp til innhold

La karrieren på vent for å bli sauebonde på 70 grader nord

SØRØYA / GAMVIK (NRK): Då Adriaan Smis la si akademiske karriere i heimlandet på is for å bli sauebonde på verdas nest nordlegaste gard i Finnmark, var det ei høgst uvanleg handling frå ein belgiar.

Adrian Smis i Gamvik

FANN LUKKA: Adriaan Smis flytta frå Belgia til Sørøya i Finnmark. Om vinteren må han bruke snøskuter for å kome seg til næraste bygd.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Veldig enkelt sagt, så er det ein kamp kvar dag for å bli verande her, for å overleve og få det til. Samtidig er det veldig lett å flytte tilbake, det er berre å bestille ein billett.

Vi møter 28-åringen Adriaan Smis heime på garden Gamvik nordre på Sørøya i Finnmark.

På 70. breiddegrad bur han saman med foreldra, og fleire hundre sauer. Det er han som driv garden, og det er han som ser føre seg å vere verdas nest nordlegaste bonde resten av livet.

Dei fleste bur i Oslo

Men dei er ikkje mange, belgiarane i Norge. Medan folk frå andre europeiske land som Polen og Nederland har kome i tusentals nordover, så har den trenden på langt nær nådd Belgia.

Per 1. januar i år så budde det 1200 belgiarar i Norge, medan heile 8400 nederlendarar har funne seg jobb og nytt liv her i nord.

Polakkane er den desidert største innvandrargruppa i Norge og tel om lag 100.000 personar. Det inkluderer også norskfødde barn av polske innvandrarar.

– Kvar femte belgiar bur i Oslo, medan nederlendarane fordeler seg jamt mellom Rogaland, Akershus og Oslo som dei største fylka, opplyser Minja Tea Dzamarija ved Statistisk sentralbyrå (SSB).

Adrian Smis i Gamvik

TØFT LIV: Planen til Adriaan Smis var å ta ein doktorgrad i biokjemi, den planen er på vent. No køyrer han i staden fôr til sauene.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Jobbar lange dagar

Adriaan Smis er berre ein av ni belgiarar som bur i Finnmark. For han har det ikkje vore noko tema å flytte til meir sentrale strok.

Han stortrivst langt utanfor allfarveg, og komande søndag kan du sjå han i TV-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

I tillegg til garden har den tidlegare bioingeniør-studenten mellom anna fått jobb som snøbrøytar i den næraste bygda, Akkarfjord. Grytidleg opp og lange arbeidsdagar pregar livet som belgisk bonde langt mot nord.

– Det er ingen haldbar situasjon om ein vil ha familie. Men no er eg enno ung, og eg gjer alt eg kan for å byggje opp garden. Det er inntekta som gjer at vi kan byggje nytt fjøs, utan så hadde det ikkje vore mogleg, fortel Adriaan.

Doktorgraden må vente

Det er ti år sidan familien Smis fann garden til sals på nettet. No har dei vøla bustadhuset, og det er sett opp ein ny, stor driftsbygning. I tillegg blir den gamle fjøsen restaurert, slik at dei til saman får plass til om lag 300 sauer på garden.

Doktorgraden Adriaan Smis starta på i Antwerpen ligg førebels på is. Han kunne ikkje tenkje seg å bytte ut livet som sauebonde med eit liv på kontor. Kunnskapen om sauehald og jordbruk har han tileigna seg etterkvart.

– Graset har vi slege sjølv på ei jord vi har dyrka, det er fint, meiner Adriaan.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark