Hopp til innhold

Køyrer Finnmarksløpet for si kreftsjuke kone

– Å køyre Finnmarksløpet er ein leik samanlikna med kva mange andre er gjennom, seier hundekøyrar Jan Kåre Heiberg.

Jan Kåre Heiberg og hundane sine

Jan Kåre Heiberg har lagt inn ein førebuingsperiode på tre veker i Finnmark før sjølve løpet startar. Då NRK møtte Heiberg denne veka hadde han base i Suolovuopmi i Kautokeino kommune.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Skulle eg slite under Finnmarksløpet, kjem eg til å svitsje tankane mine over på Marthe, seier Jan Kåre Heiberg.

For tre år sidan fekk kona hans kreft. Marthe Vildåsen har sidan også opplevd tilbakefall.

Når Heiberg stiller på startstreken i 500-kilometersklassen i Finnmarksløpet 9. mars, gjer han det for å heidre Marthe.

Han meiner at alle kan klare å køyre 500-klassen i Finnmarksløpet, men det kona hans har vore gjennom kallar han derimot ein skikkeleg manndomsprøve.

– Det er ikkje alle som hadde takla ein slik situasjon på same måte som henne. Marthe er verdas tøffaste kvinnfolk, seier Heiberg.

– Så desse tinga skal eg tenke på om eg skulle synest synd på meg sjølv. Finnmarksløpet er ein leik samanlikna med kva mange er gjennom.

Hundane til Jan Kåre Heiberg

Jan Kåre Heiberg har tatt med seg sju vaksne hundar og tre unghundar til Finnmark. Men i Finnmarksløpet er det berre éin av unghundane som får delta. I 500-kilometersklassen køyrer dei med åtte hundar.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Tidleg på plass

NRK møter hundekøyraren på Suolovuopmi i Kautokeino kommune.

Heiberg, som er frå Gjøvik, har reist oppover allereie tre veker før Finnmarksløpet startar. Da har han tid og moglegheit til å akklimatisere seg sjølv og hundane sine før sjølve løpet kjem i gang.

Han har også nytta seg av sosiale medium for å få kontakt med folk som bur i nærområdet. Han ønskjer å få informasjon om lokale løyper. Og responsen har vore god.

– Fleire har tatt kontakt for å forklare kvar eg bør køyre for å ikkje rote meg heilt vekk. Så eg er blitt kjend med dei enkle strekningane, seier Heiberg.

– Men for sikkerheits skuld tek eg med meg vindposen, i tilfelle eg skulle rote meg vekk.

Jan Kåre Heiberg og hundar

– Det er litt løpetid no. Så gutane har lyst på andre ting enn mat akkurat no. Eg håper det ikkje blir slik under Finnmarksløpet, smiler Jan Kåre Heiberg.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Frå paradis til paradis

Opplendingen har aldri delteke i Finnmarksløpet tidlegare, men har vore med i andre hundeløp på meir heimlege trakter. Interessa for hundeløp er nemleg stigande over store delar av landet.

– Vi bur jo midt i paradis med omsyn til køyring vi også. Men vi ser ikkje to mil framover i sporet der eg kjem frå, slik vi gjer her. Eg har aldri opplevd slike utsikter på fjellet før, seier Heiberg.

Han har ikkje sett seg noko veldig høgt resultatmessig mål for Finnmarksløpet.

– Målet er å gjennomføre, sjølv om alle jo har eit mål om å kome så høgt oppe på resultatlistene som mogleg, seier hundekøyraren frå Gjøvik.

Han trur den største utfordringa hans under Finnmarksløpet blir å kle seg rett – og å få i hundane sine nok mat.

Støtte frå slekt og venner skal det i alle fall ikkje stå på. Fleire av familiemedlemmane hans kjem nordover for å heie – inkludert kona Marthe.