Slik går det med NRK-kyllingane

Det endelege talet på kyllingar frå den direktesende rugekassa på NRK blei 11. Tre av dei har alt flytta til Tromsø.

Kyllingfamilien til NRK Finnmark har vokst

Dei NRK-kyllingane som ikkje har flytta ut, er heime med familien Hykkerud på Heimdal gård. Det var dei vi lånte både egg og rugemaskin av til direktesendinga.

Foto: Erlend Hykkerud / NRK

Saka er oppdatert 22.04

Det var kanskje litt tidelig å flytte inn på aldersbustad, men tre av kyllingane som blei født på langfredag, har alt forlate «redet» på Heimdal gård. På søndag blei dei tekne med til Tromsø.

Otium bo- og velferdssenter har ruga fram to kyllingar på eiga hand, men ønska nokre til. Når kyllingane blir litt større skal dei bli «livsgledekyllingar» for bebuarane. Akkurat no bur dei innandørs med ein av dei tilsett.

På sikt skal dei flytte ut i hagen til sjukeheimen. Planen er at dei som jobbar og bur der skal få gå å plukke ferske egg om morgonen. I tillegg aukar det trivselen for dei av bebuarane som er glade i dyr.

NRK-kyllingane

Kyllingane som skal bli «livsgledekyllingar» ved ein sjukeheim i Tromsø.

Foto: Heimdal Gård / Privat

Kyllingfamilien

Dei åtte andre kyllingane er framleis på Heimdal gård i Øvre Alta. Dei har varierande fargar og mønster i dundrakta. Alt frå gule og svarte, til brune og spraglete. Det er ein aktiv gjeng som er nysgjerrige på alt som skjer rundt dei.

Langfredag var det «klekke-boom» i rugekassa. Heile åtte nye kyllingar kom til verda dette døgnet. Dei kom frå egg nummer 4, 10, 11, 14, 20, 23, 24 og 27. Den nøyaktig rekkjefølga er vi litt usikre på.

Før dette hadde det kome kyllingar ut frå egg nummer 15, 22, 28 og 6. Denne rekkefølga veit vi.

Anna og Hilmar var å koste med en av NRK-kyllingene i påsken

Anna og Hilmar var med for å hente den første kyllingen heim frå radiostudioet til NRK Finnmark til Heimdal gård i Øvre Alta.

Foto: Erlend Hykkerud / NRK

Naturen kan vere brutal

Det er heilt normalt at ikkje alle egga i rugekassen blir til kyllingar. I tillegg er det ikkje alltid at kyllingane er sterke nok til å klare seg. Ein av dei som blei født natt til fredag var for svak og måtte gi tapt.

Dei egga som blei liggande igjen i rugemaskina til slutt, var til ei ny gjennomlysing. Det viste seg at nokre egg var tomme, og at nokre av fostera hadde stoppa prosessen med å utvikle seg undervegs i ruginga. Det var heller ikkje alle kyllingane som overlevde den siste fasen av klekkinga.

NRK-kyllingen

«Kylling 15» var den første som hakka seg ut. Det viste seg å vere ein aktiv og sjarmerande krabat. Så aktiv at noko av utstyret, lyssettinga i rugekassen, stod i fare for å losne. Kyllingen var like propell også etter at den blei flytta over i kassen, men roa seg litt då den fekk selskap.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Les også: Tusenvis fulgte klekkingen av årets påskekylling

Slo av direktesendinga

Direktesendinga blei stoppa onsdag klokka 22.00 av omsyn til kyllingane. Det er eit stort ansvar å ha dyr, og av og til må publikum vike for god dyrevelferd.

Alle NRK-kyllingane blir tekne godt vare på av kyndige gardsfolk. Dei som ikkje har flytta inn på aldersheimen i Tromsø, skal bli del av hønseflokken på Heimdal gård som består av rundt 70 hobbyhøns. Desse er av typen kvit italienar, dverg kochin, silkehøns og australorpen.

Ingen av NRK-kyllingane kjem til å bli avliva, og vi kjem tilbake til kven som er vinnar konkurransen etter påske.

Høner ute i hønegårde

Når kyllingane blir store nok skal dei få gå saman med dei andre hønene og hanane på garden. Dei får vere både inne og ute.

Foto: Privat
Kylling nummer 4

Den fjerde kyllingen som blei klekka var den første gule kyllingen i gjengen. Fargen til kyllingane kjem an på genane til hanefar og hønemor. Mange fekk seg ei lita aha-oppleving då dei første tre påskekyllingane var mørke på fargen.

Foto: Heimdal Gård

Les også: Her får de påskeeggene fra egen hage