Alta stiller med eit sterkt og skadefritt lag, seier Frank Halvorsen, som kommenterer kveldens fotballkamp.
I andre runde av fotballcupen møter Alta 1. divisjonslaget Ullensaker/ Kisa.
Halvorsen meiner Alta har gode sjansar til å vinne. Men som 2. divisjonslag er Alta underdogen i kveldens kamp på Jessheim stadion.
– Om Alta vinnar i dag så er det ingen sensasjon, men ei overrasking, seier Halvorsen.
Han trur Vegard Braaten vil vere spelaren som kan få ballen i nettet for Alta.
Ullensaker/Kisa ligg på femteplass på tabellen i førstedivisjon, og er ein sterk motstandar. Søndag slo dei Tromsdalen 1-0, medan Alta spelte uavgjort 2–2 mot Asker.
– Alta er i bra form. Sjølv om dei rota bort to poeng mot Asker i helga, så kan dei heilt klart vinne denne kampen, seier Halvorsen.
Har kome til kvartfinalen tidlegare
I 2011 tapte Alta mot Start i Kristiansand i kvartfinalen i cupen. Kampen, som enda 1–0 i Kristiansand er det lengste Alta har kome i cupen. Halvorsen trur det skal godt gjerast å nå så langt i år.
– Alta var i førstedivisjon då, og var eit sterkare lag. Men dei kan gå til fjerde runde i år, seier Halvorsen.
10. august 2011 – tapte 1–0 mot start i Kristiansand, kvartfinale i cupen. Det var nok eit sterkare lag -. var i 1. div.