Hopp til innhold

Kjem heim til livsfarlege plastreir

Kvar vår ventar eit vakkert syn, når sjøfuglane vender tilbake til fuglefjellet. Men mellom lundefugl og krykkje, blir eit nytt syn vanlegare i fjellsida – plast og anna avfall.

Havsule fast i tauverk

LIVSFARLEGE REIR: Tau, gammalt fiskeutstyr og plastavfall i sjøen blir brukt av havsula til å lage reir av. Når fuglane set seg fast i søppelet, kjem dei seg ikkje laus, og døyr.

Foto: Robert Barrett

Lundkommardagen blir i april feira over store delar av landet. I Nordkapp skjer markeringa i mai, grunna ein lang og hard vinter.

Lunde, krykkje, havsule og anna sjøfugl kjem no inn frå havet og gjer seg klar til klekking på eit av Norges største fuglefjell, Gjesværstappan i Nordkapp kommune.

Fuglefjellet er freda, og ein kan derfor ikkje gå i land. Men sjølv frå sjøen er plasten synleg i fjellsida.

– Vi kan sjå det frå båtane, korleis havsula har dratt plasten med seg, fortel Heidi Holmgren, leiar av Nordkapp og omland turlag.

I år ønsker turlaget å rette fokus på korleis marin forsøpling gjer livet vanskeleg for sjøfuglen.

– Vi har sett eit auka nasjonalt fokus på marin forsøpling nasjonalt, og ville derfor setje fokus på det lokalt, seier Holmgren.

Lundkommartur

ÅRLEG MARKERING: Langs kysten blir lundkommardagen markert for å feire at lundefuglen og anna sjøfugl kjem inn frå havet for å hekke i fuglefjella. Nordkapp og omegn turlag drar kvart år ut i båt til Gjesværtappan i mai månad.

Foto: Heidi Holmgren

Kvart minutt hamnar 15 tonn plast i havet, og om utviklinga heldt fram vil det, ifølgje forskarar, vera like mykje plast som fisk i havet om 33 år.

Plast blir mat og byggemateriale

Havsula, som har hekka på Gjesværstappan sidan 80-talet, er spesielt utsett. Den lager reir av det som ligg flytande på havoverflata, som tang, tare og andre plantemateriale – men òg av plast.

Rob Barrett

– Fuglane som finn mat på havoverflata er mest utsett for marin forsøpling, fortel fugleforskar Rob Barrett, som er professor ved Universitetet i Tromsø.

Foto: Terje Dale / NRK

– Faren med plasten i reira er at både voksen og ungfugl viklar seg inn i den og dør, seier professor og forskar Rob Barrett, ved Universitetet i Tromsø.

Barrett har sett plast, liner og anna gammalt fiskeutstyr bli ei dødsfelle for fuglane. Men plasten blir ikkje berre farleg som byggemateriale.

Havhest

Havhesten er ein åtseletar og forvekslar ofte plast med restar av døde dyr. Den liknar på måsen, men er ein stormfugl, ikkje ein måse.

Foto: Kjartan Trana / NRK

For havhesten er plastavfall blitt ein del av matfatet, og undersøkingar, frå blant anna Norsk institutt for vassforsking (NIVA), viser at delen av havhest som har plast i magen aukar.

– Havhesten leiter etter mat på havoverflata. Dei er åtseletarar. Dei et kva som helst, og forvekslar plast med restar av andre dyr, seier Barrett.

Vil bevare opplevinga

Gjesværstappan ligg i Nordkapp kommune, og for Nordkapp og omland turlag er fuglefjellet ei viktig naturoppleving å ta vare på.

Heidi Holmgren

Leder av Nordkapp og omegn turlag, Heidi Holmgren, er stolt av naturmangfaldet i nærområdet, og vil vere med på å ta vare på det.

Foto: Privat

– Vi er stolte av å vere vertskap for eit av Norges største fuglefjell. Vi har eit ansvar for å forvalte og ta vare på det enormt store mangfaldet som fuglefjellet har, seier Heidi Holmgren.

Turlaget håpar spesielt å kunne vise barna kor viktig det er å ikkje legge igjen søppel i naturen, og å plukke opp det andre har lagt igjen. På årets velkommen tilbaketur til fuglefjellet er om lag halvparten av dei påmelde barn.

– Det er så flott å sjå engasjementet blant ungane på kysten. Dei bryr seg veldig. Det lovar godt for framtida, seier Holmgren.

Havsule fast i tauverk

Grønt materiale, som ikkje hører naturen til, blir vanlegare å sjå i fjellsida på fuglefjellet Gjesværstappan i Nordkapp kommune.

Foto: Robert Barrett

Flere nyheter fra Troms og Finnmark