Hopp til innhold

Kjell blei redda frå snøstormen, men hundane er framleis sakna

Kjell-Harald Myrseth (26) berga så vidt livet, men Nuka og Balto er framleis på fjellet. – Eg set utruleg stor pris på at folk engasjerer seg og leitar, seier han.

I nærmere to døgn var Kjell-Harald Myrseth (26) i kjempetrøbbel alene på fjellet.

LÅG MELLOM PULKEN OG HUNDANE: Etter fleire forsøk på å bygge snøholer, som kollapsa, la han seg ned med hundane. – Det er trasig at dei framleis er på fjellet, seier Kjell-Harald Myrseth.

– Redningsfolka fekk hundane opp på snøskuteren, men så hoppa dei av. Dei er ikkje vande med å sitje på snøskuter og blei skremde. No går dei lause i fjellet, fortel Ingrid Birknes Langhelle.

Plakat savnet

ETTERLYST: Dersom nokon ser hundane kan dei ringe nummeret over.

Ho og Lasse Alvik Nilsen er kontaktperson dersom nokon ser Nuka eller Balto.

Dei to grønlandshundane er på frifot i fjellområdet mellom Alta og Kautokeino. Dette har engasjert dyrevener og hundekøyrarar i Finnmark og Troms. På Facebook blir saknameldinga delt flittig.

Les også: Alene i snøstormen i 42 timer: – Mistet aldri håpet

– Eg set utruleg stor pris på engasjementet og at folk er ute for å leite etter dei, seier Kjell-Harald Myrseth. Han håpar hundane blir funne og skal sjølv ut for å leite når forma blir bra nok.

Myrseth låg mellom pulken og hundane for å halde varmen då han blei funnen av redningsfolka. I totalt 42 timar var han fanga av uvêret. Det var ein dramatisk redningsaksjon i svært sterk vind og på vegen tilbake forsvann dei to firbeinte venene.

Balto

BALTO: Anna Løvmo Solvang er eigar av Balto og håpar han blir funne i god behald.

Foto: Anna Løvmo Solvang / Privat

Arrangerer leiteaksjon

– Vi har eit stort miljø for hundekøyring i Alta. Myrseth og hundane blei funne av leitemannskapet midt på ei løype som blir brukt til trening, fortel Lasse Alvik Nilsen som er kompisen til Myrseth.

Nuka

NUKA: Med tjukk pels toler ho ekstrem kulde.

Foto: Ann-Karin og Roy Steve Steinli / Privat

Ein patrulje frå Røde Kors skal ut for å leite på fredag. Men alt i dag er ein hundekøyrar ute i sporet med ekstra linesett og kjøt.

– Blir dei ikkje funne i dag, så prøver vi igjen i morgon, seier Nilsen.

– Eg antar at dei har søkt tilbake til der utstyret ligg att. Dei var lause då Kjell sat snøfast og heldt seg rundt han gjennom heile prosessen. Det overraskar meg om dei har reist ein annan stad. Dei søke tilbake til noko som er kjent.

Hundekøyringa sitt svar på traktorar

Balto og Nuka er av rasen grønlandshund som er avla fram for ekstreme forhold.

– Denne rasen toler å ligge ute i minus 40. Dei har ein forsvarsmekanisme med å krølle seg saman og på den måten lage si eiga vesle snøhole når dei snøar ned, seier Nilsen.

Han fortel at innanfor hundekøyring er denne rasen ein form for traktor. Dei er både psykisk – og fysisk sterke, men ikkje av den raskaste typen.

Verken Balto eller Nuka er sjenerte ovanfor framande.

– Hundane skal heim og eg har trua på at dei klarar seg, seier Nilsen.

Nuka

NUKA: Ho er ei relativ stor tispe og reinrasa grønlandshund.

Foto: Ann-Karin og Roy Steve Steinli / Privat