Hopp til innhold

Kan måtte køyre 17 timar til slakteriet

Det einaste slakteriet i Finnmark kan bli lagt ned. Noregs Bondelag fryktar at føreslådde endringar for slakteria vil føre til nedlagde gardsbruk, både i Finnmark og andre stadar i landet.

Gårdsbruker Markus Heiberg

LANGREIST MAT: Desse kyrne i Tana kan få ein reiseveg på 17 timar, dersom det einaste slakteriet i Finnmark vert lagt ned.

Foto: Bård Wormdal / NRK

Slakteriet til Nortura i Karasjok er det einaste slakteriet for husdyr i Finnmark.

Slik reglane er no er Nortura er pliktig til å ta imot all slakt her i landet, sjølv om anlegga går med underskot, som det gjer i Finnmark og Troms.

Det kan det bli ei endring på.

Regjeringa vil no lage ein stortingsmelding der målet er meir konkurranse og mindre reguleringar i jordbruket.

Per Skorge

Generalsekretær i Noregs Bondelag, Per Skorge.

Foto: Eivor Eriksen, Norges Bondelag

Noregs Bondelag fryktar at føreslådde endringar for slakteria vil føre til nedlagde gardsbruk, både i Finnmark og andre stadar i landet.

– Dersom mottaksplikta forsvinn, betyr det at bønder langt frå mottaksanlegg kjem i ein veldig sårbar situasjon, seier Per Skorge, generalsekretær i Norges Bondelag.

– Det er jo alltid avgjerande for ein bonde å vere sikker på å få selt varene sine. og her vil vi kunne få betydeleg større uvisse, både i Nord-Norge, på Vestlandet og i dei mindre sentral strøka, seier Skorge.

Kan få reiseveg på 17 timar

For Markus Heiberg, gardbrukar i Tana, vil nedlegginga av slakteriet i Karasjok, bety at kyrne hans får ei reisetid på sytten timar til næraste slakteri. Grensa for tillaten transporttid er i dag åtte timar.

markus heiberg

Gardbrukar Markus Heiberg i Tana.

Foto: Bård Wormdal / NRK

– Det blir jo ei uvisse. Dette er eit familiebruk, så vi har satsa mykje på framtida, seier Heiberg.

Kor langt det kan bli aktuelt å frakte slaktedyr og kva slakterianlegg som kan bli nedlagt, vil ikkje Nortura seie noko om i dag. Norges Bondelag meiner uansett at konsekvensane av meir marknadsstyring vil bli store.

– Dette er ein sektor som uansett er i endring, seier Erling Hjelmeng, leiar for marknadsbalanseutvalet, oppnemnt av regjeringa.

Erling Hjelmeng, leder for markedsbalanseutvalget

Erling Hjelmeng, leiar for marknadsbalanseutvalet

Foto: NRK

Han trur dei største utfordringane for jordbruksnæringa ligg i den komande WTO-avtalen om frihandel.

Det einaste slakteriet i Finnmark kan bli lagt ned etter politisk ønske om eit meir marknadsstyrt jordbruk. Noregs Bondelag fryktar at føreslådde endringar for slakteria vil føre til nedlagde gardsbruk, både i Finnmark og andre stadar i landet.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark