Hopp til innhold

Kan ikkje love sjukehusopning i år

Sju månader etter at sjukehuset skulle vere overlevert frå hovudentreprenøren veit ikkje Finnmarkssykehuset kor tid dei kan flytte inn i nye Kirkenes sjukehus.

Nye Kirkenes sykehus

Nye Kirkenes sjukehus er kraftig forseinka, og Finnmarkssykehuset kan ikkje love innflytting på denne sida av nyttår.

Foto: Bernt Nilsen

Prosjektleiar Øyvin Grongstad kan ikkje love at sjukehuset opnar i 2017. Finnmarkssykehuset og tyske Cadolto skal etter planen møtast igjen sundag 1. oktober for ny overtakingsprotokoll.

Øyvin Grongstad

Prosjektleiar Øyvin Grongstad ved Finnmarkssykehuset.

Foto: Amund Trellevik/NRK

– Målet har vore at me skulle opne sjukehuset i fjerde kvartal i år. No er me straks i fjerde kvartal, og det kvartalet strekk seg fram til nyttår.

– Kan det bli 2018 før sjukehuset er klar til bruk?

– Det vil eg ikkje spekulere på, men eg håpar ikkje det, seier Grongstad.

Har ikkje overtatt det elektriske anlegget

Den tyske hovudentreprenøren er kraftig forseinka med nye Kirkenes sjukehus. Opphavleg skulle prosjektet vore overlevert Finnmarkssykehuset 31. desember 2016.

Nye datoar har vore sett fleire gongar, og ei planlagt opning 25. august er utsett på ubestemt tid. Tidlegare har NRK meldt at verksemda må betale dagbøter.

I starten av september overtok Grongstad deler av byggeprosjektet, men framleis står alt av elektrisk arbeid att.

Planen no er at alle papir og godkjenningar skal vere på plass 15. oktober.

– Me har overtatt det meste av sjølve bygningen, men ikkje det elektriske anlegget som ikkje er ferdig.

– Kva står att der?

– Me manglar dokumentasjon på at arbeidet som er gjort er godkjente, og at dette fungerer slik det skal etter lovar og føresegn, seier Grongstad.

Lang opplæringstid

Grongstad understrekar at deler av flyttinga er i gong, og at nokre tilsette er starta med opplæring. Likevel: For nokre av dei mest krevjande områda og oppgåvene på sjukehuset vil det vere «nokre månader» opplæring, seier Grongstad.

– Er det aktuelt å opne sjukehuset før alle har fått opplæring?

– Nei, det er ikkje aktuelt.