Hopp til innhold

Jente (5) putta kondom i munnen under aketur

– Eg blei sjokkert, fekk panikk og heiv kondomet langt av stad, fortel mora til barnet.

Kondomet jente (5) fekk i halsen

KONDOMET: Dette plukka mor Janne Pederse ut av munnen til dottera på fem år under ein aketur på laurdag.

Foto: Privat

– Om eg er bekymra? Eg er kjempe bekymra. Det er ekkelt å finne ut at dottera di har tygga på eit opna kondom, seier Janne Pedersen.

Ho fortel at dei ofte reiser til Komsa i Alta for å nytte akebakken, slik som mange andre småbarnsfamiliar.

Dei hadde akkurat tent opp bål og skulle kose seg rett ved nokre tre. Då oppdaga Pedersen at dottera tygga på noko ballongliknande. Ho spurte femåringen om kva ho hadde i munnen.

– Ho viste meg det og eg såg det var eit kondom.

Den koselege turen tok då ei brå vending. Mora slengde kondomet så langt bort ho klarte, og spurte dottera om kvar den var funnen. Den hadde hengt på eit av trea, svarte barnet.

Ekstremt ekkelt

– Eg sa at ho ikkje måtte putte ting i munnen som ho ikkje visste kva var for noko. Etterpå gjekk eg tilbake og tok opp kondomet. Eg ville prøve å finne ut om den var brukt eller ikkje.

Janne Pedersen

Janne Pedersen er sint på folk som ikkje tenkjer seg om og slengjer slike ting i naturen der barn leikar.

Foto: Privat

Dette var veldig vanskeleg då den hadde vore ute i naturen.

– Eg tenkte jo mitt. Er det nokon som har leika seg med den, eller har nokon vore aktive? Eg veit ikkje. Det var veldig ekkelt, seier Pedersen.

Ho frykta at dersom den var brukt, så kunne dei som hadde brukt den ha sjukdommar.

– Eg følte at eg måtte få skrubba munnen hennar.

Køyrde heim

– Eg køyrde raskt heim for å pusse tennene og skylje munnen hennar. Så ringde eg til legen og spurte om dei hadde nokre prosedyrar i slike situasjonar. Det hadde dei ikkje.

Pedersen fekk anbefalt at dottera tok ei hepatitt-sprøyte. Ho skulle få hjelp av helsepersonell til dette, men det vise seg at sprøyta var vanskeleg å oppdrive.

– Eg reiste rundt frå apotek til apotek. Eg fann ut at dei ikkje hadde den tilgjengeleg på apoteka i Finnmark. Eg ringde til legen og sa at ikkje fekk tak i den.

Ho fekk til svar at det gjerne var store sjukehus som hadde denne tilgjengeleg.

NRK har kontakta Hammerfest sjukehus for å spørje om prosedyrane i slike saker, og om sprøyta er ekstra vanskeleg å få i Finnmark. Dette var det ingen som kunne svare på, men medisinen skal vere på veg.

Vil åtvare andre

Janne Pedersen har skrive eit innlegg på Facebook, som også iFinnmark har omtalt, der ho tek eit oppgjer med forsøpling i naturen.

– Eg vil jo åtvare andre småbarnsfamiliar som nyttar området. Ungane tenker jo ikkje på kva dei puttar i munnen. I aller verste fall kan det vere noko skikkeleg ille.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark