Isolerte i over ei veke, men held motet oppe med galgenhumor

I Nordkapp har dei vore isolerte frå omverda i over ei veke. Det har ført til ei rekkje utfordringar, som redusert tilgang på mat. Men den beste medisinen mot bekymringane er humor.

Familie i Nordkapp

Familien Figenschou er vêrfaste på påskeferie i Finnmark. Her ser vi frå venstre Therese Figenschou, Nike Figenschou, Andrea Figenschou Høyen, Adele Figenschou Høyen og Jarl Figenschou.

Foto: Eskil Wie Furunes

– Skulle vi gå tomme for mat er det jo alltids fisk i havet, flirer Hugo Salamonsen.

Han er ein av om lag 70 innbyggjarar i Kamøyvær. Det er eitt av fleire fiskevêr i Nordkapp som er isolert frå kommunesenteret Honningsvåg – som igjen er isolert frå resten av verda.

– Eg trur dette må vere den billegaste påska eg har opplevd sidan eg budde heime på guterommet. Eg har jo ikkje fått handla noko som helst, seier Salamonsen.

Hugo Salamonsen i Kamøyvær

Hugo Salamonsen i Kamøyvær har ikkje fått fylt opp kjøleskapet sitt i påska, men ser humoristisk på situasjonen. – Dette er den billegaste påska eg har opplevd sidan eg budde heime på guterommet, smiler Salamonsen.

Foto: Eskil Wie Furunes

Han er også bygdelagsleiar i Kamøyvær. Bygda får forsyningar sjøvegen om dei treng det. Salamonsen innrømmer at det hadde vore kjekt å fylle på kjøleskapet med nokre søtsaker i høgtida. Men det får vente. Salamonsen håper vegen blir opna til veka.

– Vi er vande med å stå han av her oppe. Men klart. Vi var først vêrfaste i fire dagar. Så var vegane opne nokre dagar igjen. Og no har vi vore vêrfaste i ytterlegare éi veke. Påska er nok øydelagt for mange her på Finnmarkskysten, seier Hugo Salamonsen.

Egil Arne Jørgensen. Isolerert på Kamøyvær.

Egil Arne Jørgensen er blant dei om lag 70 innbyggjarane i Kamøyvær som er isolerte frå resten av kommunen. Også kommunesenteret Honningsvåg er isolert frå resten av Finnmark.

Foto: Eskil Wie Furunes

Vêrfaste på ferie

Familien Figenschou er blant dei som har fått merke isolasjonen. Dei starta påskeferien heime i Tromsø – og måtte ta ei rekkje omvegar før dei kom seg til Honningsvåg, der pappa Jarl opphavleg kjem frå. Der er dei no isolerte.

– Det ser ut som vi blir sitjande her nokre dagar til. Vi håper å få reise tilbake til Tromsø med Hurtigruten tysdag, seier Jarl Figenschou.

Familie i Nordkapp

Therese Figenschou saman med dottera Nike.

Foto: Eskil Wie Furunes

– Det handlar ikkje om korleis ein har det, men korleis ein tar det, supplerer mamma Therese.

Og ifølgje niesa Adele på 12 år tar dei det bra.

– Det er dumt å vere vêrfast, men fint å vere vêrfast akkurat her, smiler ho.

Nordkapp

Kamøyvær i Nordkapp kommune i Finnmark.

Foto: Eskil Wie Furunes

Mot snørekord

Kor lenge turistar og fastbuande i Nordkapp blir isolerte veit ingen per no. Det snør framleis mykje, noko som gjer skredfaren stor.

I Honningsvåg har den pensjonerte rektoren Sigfred Andersen målt snø i rundt 25 år. Han fortel at årets snømengder kjem til å overgå rekordåret 1997.

– Då kom det 180 centimeter. No ligg vi på 175. Eg trur vi kan passere to meter i år, fortel Andersen.

Som er ein av mange isolerte som tek situasjonen med godt humør.

– Eg får seie som engelskmennene: «Fog on the channel. Continent isolated.» Det er altså dei andre som er isolerte frå oss – og ikkje omvendt, seier Andersen med eit glimt i auget.

Så lenge dei eldre og trengande får hjelpa dei treng, noko dei ser ut til å gjere enn så lenge, vil han ikkje krisemaksimere situasjonen.

Sigfred Andersen, Honningsvåg

Sigfred Andersen har målt snømengder i om lag 25 år. Han reknar med årets snømengder i Honningsvåg straks vil passere rekordåret 1997.

Foto: Eskil Wie Furunes