Hopp til innhold

Isbilsjåfør: – Det er 17. mai og julaftan samstundes!

17. mai er dagen for å ete iskrem, men for Norge sine nordlegaste isbilsjåførar er det istid heile året!

Mange forbind 17. mai med den store dagen for iskrem, men for Norge sine nordlegaste isbilsjåførar er det tid for is heile året.

17. MAI OG JULAFTAN HEILE ÅRET: Johnny Hardy køyrer isbil i Finnmark. – Vi køyrer 300 dagar i året. Føret spelar ingen rolle, fortel isbilsjåfør Johnny Hardy.

På runden i Alta viser termostaten på dashbordet 3,5 plussgrader, men det startar å snø. Veien er bar, markene dekka av snø og på parkeringsplassar tronar små fjell av restesnø frå vinteren.

En sjåfør med godt humør

EIN SJÅFØR MED GODT HUMØR:– Ungane kallar meg berre isbilen. Eg og bilen er tydelegvis eitt, fortel isbilsjåfør Johnny Hardy.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Eg trur ikkje termostaten viser riktig, men føret er uansett blåbær. Vi køyrer til store delar av Finnmark. Til dømes: Veidnesklubben, Honningsvåg, Karasjok, Kautokeino og Sørøya.

Hardy nemner ei rekkje fleire og det kjem ikkje an på størrelsen. Isbilen kan ta ferje i over ein time for å kome fram.

– Der er ikkje mykje folk i bygdene, men dei handlar. Eg trur det har med nærleik til butikkar å gjere. Pris spelar også inn. Dessutan får dei varene levert på døra.

17. mai og julaftan samstundes

Isbilen

ISBILEN PÅ RUNDE I ALTA: Salet tek seg opp rundt 17. mai.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– For mange barn er det 17. mai og julaftan samstundes når vi kjem, seier Hardy.

Den største utfordringa til isbilsjåførane er nettopp ivrige flokkar med barn.

– Eg har vore livredd for å køyre på nokon sidan dag ein. Isbilen er utan tvil eit trekkplaster. Ungar spring etter bilen. Det er vanskeleg å ha kontroll på flokken.

Norge Rundt songen spelar i hovudet

På Facebook finn ein grupper som Isbilen – et samfunnsproblem. Ein kan lese irriterte twittermeldingar om isbilen. Særleg er det kjenningsmelodien, Edvard Grieg sin Norsk dans nr. 2, som irriterer.

– Eg møter mest hyggelege folk. Ungar dansar gjerne til songen. Eg passar på å ikkje køyre for seint. Eg skjønar småbarnsforeldre vert irritert dersom eg kjem spelande når dei skal legge barn.

Det har hendt at melodien spelar i hovudet hans òg.

– Ver så god! Har eg sagt midt på natta. Då har det vore på tide med pause. Folk høyrer songen halvtimen eg er i området. Eg høyrer den fem timar i strekk, men det er ikkje noko problem.

Sel mest i minusgrader

Før 17. mai tek salet seg kraftig opp, men elles er det best om vinteren.

Emil Kruke

KUNDE: Emil Kruke: – Det blir aldri for kaldt til å ete is!

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Folk kjem ut i sludd og snø! På vinteren sel vi betre. Om sommaren er mange på tur.

Sjølv om han er isbilsjåfør et han ikkje uavgrensa med gratis is.

– Nei, eg må betale som alle andre! Mange ungar spør om gratis is, men byrjar eg å dele ut, forlanger dei is kvar gong. Sjefen min er flinkare til å gi enn meg. Om eg har øydelagde pakkar, gir eg dei til barnehagar.

Men han har sin klare favoritt.

– Det er yoghurtisen med mango – eller skogsbærsmak. Den er hinsides god. Det kan eg seie med handa på hjartet!