Hopp til innhold

Intern konflikt i Hammerfest har gitt lang sjukehuskø

– Eg håper ikkje situasjonen har ført til noko alvorleg, seier hovudtillitsvalt for overlegane.

Arnt Johannesen

Arnt Johannessen er hovudtillitsvalt for overlegane ved Finnmarkssykehuset Hammerfest. Johannessen fryktar konflikten ved sjukehuset har gitt lange tilvisingskøar.

Foto: Allan Klo / NRK

Ein intern konflikt ved sjukehuset i Hammerfest har gitt lange tilvisingskøar for pasientane.

– Ingen såg på tilvisingane som kom inn. Ein av gongane eg var inne og kika var det kome inn 200 tilvisingar som ikkje var sett på den siste månaden.

Det fortel hovudtillitsvalt for overlegane ved Finnmarkssykehuset Hammerfest, Arnt Johanessen.

Fekk tilbake jobben

Konflikten ved sjukehuset starta då ein einingsleiar vart skulda for å ha nytta fysisk og psykisk makt. Vedkomande sa først opp stillinga si. Seinare starta den tidlegare einingsleiaren ein sveltestreik for å få tilbake stillinga si. Det lukkast. Før jul fekk vedkomande tilbake jobben sin.

Det var ikkje slutten på rabalderet. Heilomvendinga førte til at fleire legar ved sjukehuset truga med å sjukmelde seg kollektivt. Den om lag eitt år lange konflikten ved sjukehuset er ikkje over.

– Forstyrra og stressa

Arnt Johannessen fryktar saka har direkte samanheng med dei lange tilvisingskøane.

– Ein kan bli veldig forstyrra og stressa når ein går på jobb og ikkje føler ein blir tatt alvorleg. Det gir uheldige situasjonar både for legane og pasientane. Eg håper ikkje det har skjedd noko alvorleg som ein følgje av dette, seier Johannessen til NRK.

Han presiserer at sakene som fell under augeblinkeleg hjelp ser ut til å ha blitt handsama innanfor dei normale fristane.

– Og det er arbeidet som er gjort, det er gjort skikkeleg, legg Johannessen til.

Avdelingsleiaren beklagar

Bente Brattås er leiar for kirurgisk-ortopedisk avdeling i Hammerfest. Ho beklagar alle utsetjingane, men seier samtidig at alle pasientane har fått helsehjelpa dei skulle ha hatt.

– Vi beklagar veldig at ein del pasientar har fått sine vurderingar etter fristen. Det gjer vi verkeleg. Samtidig er vi glade for at vi klarte å gi pasientane helsehjelp innan dei medisinsfaglege fristane, seier Brattås til NRK.

Finnmarkssykehuset Hammerfest

Ein einingsleiar ved Finnmarkssykehuset Hammerfest vart skulda for å ha nytta fysisk og psykisk makt. Det gjorde at vedkomande først måtte seie opp stillinga si. Men etter ein sveltestreik fekk einingsleiaren tilbake jobben før jul.

Foto: Allan Klo

Uventa fråvær

Brattås fortel at køane skuldast uventa fråvær. Men ho vil ikkje spekulere i om leiinga kunne ha handtert saka på ein annan måte.

– Problema med tilvisingane skuldast personmangel. Mykje løyste seg då vi fekk ein fast tilsett ortoped tilbake på jobb. Kva vi eventuelt kunne gjort annleis for å førebyggje uventa fråvær er vanskeleg å seie, kommenterer Bente Brattås.

Avdelingsleiaren legg til at dei har henta inn vikarar så fort som mogleg. Men av kvalitetsomsyn ønskjer dei helst at det er legar som kjenner det administrative systemet godt som vurderer tilvisingane.

– Og det er ein del av grunnen til at fleire fekk vurdert tilvisingane sine etter fristen, forklarer Brattås.