Hopp til innhold

Hudkrem og balsam kan forgifte fisk

Forskarar fryktar at «kosmetikkgift» er farleg for fisk og skadar menneske si evne til å få barn. Miljødirektoratet vil ha forbod mot miljøgifta i EU.

Forsker Ingjerd Krogseth

TAR PRØVER: – Siloksaner er kjemiske stoff som blir mykje brukt i hud -og hårprodukt. Dei kjem ut i miljøet ved å fordampe frå hud og hår eller med kloakken. Det var sistnemnde vi ville sjå på i Storvannet, fortel Ingjerd Sunde Krogseth, forskar på NILU – Norsk institutt for luftforsking.

Foto: Guttorm Christensen / Akvaplan-niva AS

Hudkrem, deodorantar, sminke, sjampo, balsam og parfyme er dømer på produkt som kan innehalde siloksaner. Eit kjemisk stoff som gir ei silkemjuk kjensle på kroppen og fordampar lett.

På overflata av Storvannet i Hammerfest kan vi ikkje sjå det, men på botnen har forskarane gjort funn av «kosmetikkgifta» siloksan.

– Vi finn ganske store konsentrasjonar, seier forskaren frå Norsk institutt for luftforsking, Ingjerd Sunde Krogseth.

– Vi kan bryte det ned i kroppen vår og puste det ut til luft. For fisk og andre dyr som lever i vatn er det ikkje like enkelt. Dei kan ikkje puste det ut på same måten som oss, fortel ho.

Fisk fra Storvannet

FISK FRÅ STORVANNET: – Målet var å finne ut kva som eigentleg skjer med siloksaner når dei blir sleppt ut med kloakken, og korleis dei hamnar i fisken, seier Krogseth.

Foto: Ingjerd Sunde Krogseth / Privat

Reproduksjonsfarlege

– Det finst mykje overvåkningsdata frå Norge på siloksaner og forskingsresultat som viser at desse også vert lagra oppover i næringskjeda, fortel seksjonsleiar i Miljødirektoratet, Heidi Morka.

– Funna er så bekymringsfulle at vi vil bruke dataen vi har samla inn til å få eit forbod internasjonalt, seier Morka.

Siloksaner er stempla som ei miljøgift fordi dei blir brotne sakte ned og lagrar seg vidare i næringskjeda. Samstundes er det mistanke om nokre av stoffa kan vere skadeleg for menneske.

– Dei kan vere reproduksjonsfarlege for oss og giftige for fisk, seier Morka.

Hovudsakleg er det tre typar siloksaner det blir snakka om: D4, D5 og D6. Miljødirektoratet har nok data på D4 og D5 til forbod i heile EU. Andre siloksaner som D6 er ført opp på prioritetslista i Norge.

– Dette kan ha tilsvarande eigenskapar. Men her treng vi meir kunnskap, seier Morka.

Storvannet Hammerfest

STORVANNET I HAMMERFEST: Her har det blitt gjort forsking også på andre miljøgifter. Dermed kjenner forskarane godt til kva som går føre seg under vassflata.

Foto: Ingjerd Sunde Krogseth / Privat

Kjem med kloakken

– Valet fall på Storvannet ettersom denne innsjøen tek imot kloakkutslepp. Dette er ikkje gjort med vilje, men via rør som lekk og kloakk som flyt over, seier forskaren Krogseth.

Ho legg til at Hammerfest ikkje er noko verre enn andre stadar langs kysten. Men i større byar som Oslo har dei meir avansert kloakkreinsing som fjernar mykje siloksan.

– Siloksaner går først og fremst til botnen av innsjøen. Fisken i Storvannet et mykje små dyr som lever der, då der er lite plankton. Dermed får dei i seg mykje siloksan.

Det er spesielt i løpet av dei siste ti åra det har blitt forska på kva effekt siloksaner har på miljøet.

– Så det er mykje vi framleis ikkje veit, seier Krogseth.

Segment

PRØVER: Frå botnen av Storvannet.

Foto: Ingjerd Sunde Krogseth

Kva kan forbrukarane gjere?

– Industrien har eit ansvar for å finne alternative stoff som har dei same gode eigenskapane, men som helse- og miljømessig ikkje utgjer den same risikoen, seier Heidi Morka.

– Det er vanskeleg for forbrukarane å lese ingrediensane på alt. Men eit generelt godt tips er å kjøpe svanemerka produkt. Desse inneheld mindre miljøskadelege kjemikaliar, seier forskaren Ingjerd Sunde Krogseth.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark