Hoppar i snøen mens vi ventar på sola

Mørketidslys og puddersnø gav perfekte forhold for Sivert Bangsund Pedersen (9) som kasta seg utfor altanen på hytta.

Sivert Bangsund Pedersen (9) hopper i snøen

Det kom 40-50 cm nysnø på Brattli i Pasvik på laurdag, som dempa fallet for Sivert (9).

Ei dryg veke før sola kjem tilbake til Sør-Varanger 16. januar, fanga pappa Svenn-Yngvar Pedersen sonen sitt snøstup på film. Filmen er tatt på familiehytta i Pasvik i Sør-Varanger kommune i Finnmark, med eit fantastisk vinterlys som bakteppe.

Sola snart tilbake

Allereie tysdag kan Kautokeino gle seg over sola sin tilbakekomst. Ifølge yr.no sin mørketidskalender kjem sola over horisonten på Alta sine breiddegrader 17. januar, før Vardø, Hammerfest, Berlevåg og Nordkapp står for tur. Det kan likevel ta nokre dagar før sola er synleg. Fjell og kupert terreng gjer at sola enkelte stadar blir hindra ei lita stund til.

Første soldag i Karasjok

Fjorårets første solgløtt i Karasjok. Den offisielle soldagen i kommunen er 14. januar.

Foto: Tor Egil Rasmussen / NRK

Send oss dine bilete

Vi i NRK Finnmark vil gjerne ha dine bilete av fargane som er på himmelen på denne tida av året, og ikkje minst - av sola returnerer.

I tillegg til å merke instagram-bilete med #nrkfinnmark, kan du dele bileta dine med oss ved å sende dei til finnmark@nrk.no.

Laster innhold, vennligst vent..