Hopp til innhold

Hevdar skulebarn ikkje får snakke anna språk enn norsk: – Dette er fornorsking i ny innpakning

– Lærte vi ingenting av feila frå fornorskinga vi utøvde overfor kvenske og samiske barn, spør professor Øystein Vangsnes. Han er forskrekka over språkpraksis i skulen.

Flyttsamebarn, Karasjok januar 1950

EI NY FORNORSKING? Biletet er frå ein internatskule der det vart undervist i norsk for samiske barn. John Anders Anti står ved tavla, peikar på ord og les for lærarinna Anna Mørk.

Foto: Børretzen, Sverre A. / SCANPIX

– Småskulebarn har ikkje lov til å snakke anna språk enn norsk. Verken i friminutt, på gangen eller i situasjonar med ein-til-ein. Ein kan dra parallellar til fornorsking av samar og kvenar, seier Øystein A. Vangsnes.

Øystein A. Vangsnes

FRYKTKULTUR: – Eg forstår det slik at lærarane skal ha kontroll på alt som vert sagt for å hindre mobbing. Det kan like gjerne gå føre seg på norsk som andre språk. Dei som vil mobbe finn nye måtar, seier Øystein A. Vangsnes, professor ved UiT Noregs arktiske universitet.

Foto: Stig Brøndbo / UiT

Han beskriv språkreglane på ein skule i Oslo der mindre enn 10 prosent er etnisk norske. Etter å ha snakka med ein lærar på skulen vart Vangsnes skaka. Det resulterte i eit blogginnlegg på forskning.no.

– Verken i styringsverktøya eller i pedagogisk forsking finst det haldepunkt for ein praksis med språknekt.

Vangsnes legg til at det kan slå negativt ut, men korleis barn opplever å ikkje få snakke språket sitt er avhengig av personen.

– Har barnet støtte heime og omsorgspersonar er stolte av språket og kulturen, skal det mykje til å rive ned. I andre tilfelle kan språknekt i skulesamanheng føre til eit negativt forhold til eige morsmål og kultur.

NRK har vore i kontakt med den aktuelle skulen. Rektor går ikkje rundt og lyttar på elevane i friminutta. Men på skulen med over 50 forskjellige nasjonalitetar pratar dei norsk, ettersom dette er språket alle har til felles.

– Redusert til ingenting utan språk

Ann-Britt Svane

SLUTTA Å PRATE: Barneskulen var ei tøff tid. Ho kunne ikkje spørje om verken hjelp eller omsetjing, sjølv om dei rundt ho skjønte språket. Alt skulle vere på norsk. – Har du ikkje språk til å uttrykke deg, har du ingen stemme, du er ingenting, seier Ann-Britt Svane.

Foto: Evy Andersen

Ann-Britt Svane frå Porsanger er av samisk opphav og gjekk på internatskule på 60-talet.

– Eg skjønte ingenting. Dei snakka berre norsk rundt meg, og eg var einspråkleg samisk. Dette resulterte i at eg ikkje snakka.

Ho fekk ikkje lov til å spørje andre om hjelp på det språket ho kunne.

– Det var forferdeleg å ikkje meistre norsk. Har du ikkje språk til å uttrykkje deg, har du ingen stemme og blir redusert til ingenting. Språk er viktig.

Ho håpar språknekten berre er eit enkelttilfelle, og ikkje rådande praksis på skular der mesteparten av elevane ikkje er etnisk norske.

Kan føre til utestenging

Skolebyråd i Oslo, Tone Tellevik Dahl (Ap)

OPEN KOMMUNIKASJON: – Det er viktig med inkluderande kommunikasjon, seier Tone Tellevik Dahl (Ap) byråd for oppvekst og kunnskap.

Foto: Rushda Syed / NRK

Skolebyråd i Oslo, Tone Tellevik Dahl, seier de har jobba målretta med språkopplæring og inkludering i mange år. Byråden fortel at det ikkje finst eit forbod mot andre språk.

– Eg går ikkje og fotfølgjer våre 1.500 flotte lærarar, men open og inkluderande kommunikasjon er viktig. Dei som ikkje har norsk som morsmål blir oppmuntra til å nytte språket. Utan god norsk vil det bli krevjande å gjennomføre grunnskulen.

Det er leiinga ved skulane som avgjer retningslinjene for språk.

– Norsk er fellesspråket i vår skule, uavhengig av kva kommune skulen er i. Det er vanskeleg å delta i diskusjonar og samtalar som går føre seg på fleire forskjellige språk. Dersom elevar ikkje kommuniserer i fellesskap på norsk, kan det føre til utestenging, seier Tone Tellevik Dahl.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark