NRK Meny
Normal

Her får ho den tunge beskjeden

Aster Habtezion må flytte ut frå asylmottaket som har vore heimen hennar i ni år. Etter 25 års drift legger UDI ned Oscarsgata mottak i Vadsø.

Aster Habtezion og Beate Pedersen

MÅ FLYTTE: Aster Habtezion (t.v.) fekk denne veka beskjed om at mottaket ho har budd på i ni år skal leggast ned. Beate Pedersen som jobbar ved mottaket mister sjølv jobben.

Foto: Sidsel Vik / NRK

På tysdag kom beskjeden om at fem asylmottak i Nord-Norge blir lagt ned. Som ei konsekvens av færre asylsøkarar til Norge, har UDI lagt ned ei lang rekke mottak det siste året.

Blant mottaka som no blir stengt er Oscarsgata mottak i Vadsø.

Beate Pedersen som jobbar ved mottaket, måtte denne veka gi den tunge beskjeden til bebuarane.

Mottaket har vore i drift i Vadsø i snart 25 år. For nokre av bebuarane har mottaket vore ein stabil heim over mange år. Eritreiske Aster Habtezion, som har budd på mottaket sidan 2008, var blant dei første Pedersen tenkte på då beskjeden kom.

– For å vere heilt ærleg, Aster, så veit eg ikkje kva vi skal gjere. Vi blir lagt ned. Sånn er det, seier ho.

– Eg har budd her i ni år. Det blir vanskeleg å flytte. Eg kan ikkje flytte, seier Aster Habtezion.

Ho har fått nær kontakt med dei tilsette på mottaket. Dei respekterer ho og forstår ho godt, seier ho.

Etter dei mange åra i Vadsø har Habtezion fått eit stort nettverk. Ho syng i kor og har fått mange venner i den vesle finnmarksbyen.

Oscarsgata mottak

Oscarsgata mottak i Vadsø fekk melding om nedlegging på tysdag. I løpet av august skal alle bebuarar vere flytta og mottaket lagt ned.

Foto: Sidsel Vik / NRK

– Det er så fælt. Tysdagen gjekk til å løyse opp i ein svær logistikkabal som no må oppstår. Det at vi blir arbeidsledige er berre ein liten del av det, seier Pedersen.

– Vi er like fortvilte som deg, seier ho til den eritreiske kvinna ho har blitt så godt kjent med.

Ni stillingar ved Oscarsgata mottak, samt 1,5 kommunal stilling blir borte når mottaket blir stengt.

Stort mottak i liten by

Dei 144 bebuarane blir i løpet av sommaren flytta ut av mottaket i Vadsø. Dei som har fått opphald vil bli sendt til sin busettingskommune. For dei andre vil eit mottak ein anna stad i landet vere neste stopp.

Habtezion ønsker å bli i Vadsø. På mottaket håpar dei ho kan få arbeidsløyve, og slik finne seg ein privat stad å bu. Men akkurat no ser Habtezion mørkt på situasjonen.

– Kva kan eg gjere? Eg har ingen pengar, eg har ikkje makt til å endre mitt liv, seier ho.

– Eg såg lyst på framtida, men no veit eg ikkje kva som kjem, seier ho.

– Du er sterk, og du kjenner så mange, svarer Pedersen, som trur det vil ordne seg med jobb om berre arbeidsløyve kjem i boks.

Dei tilsette har fått mange reaksjonar frå nærmiljøet etter nedleggingsbeskjeden.

– Vi er eit stort mottak i ein liten by. Det at vi blir lagt ned, det påverkar mange, seier Pedersen.

Oscarsgata Mottak

Mottaket i Vadsø blei raskt fullt opp då svært mange migrantar kom over russegrensa i 2015. No har talet på asylsøkarar i Norge gått sterkt ned.

Foto: NRK