Hopp til innhold

Her er det best å vere pollenallergiker

Trass heile skogar med berre bjørk, er det mindre plagsamt å vere pollenallergikar i Finnmark enn i resten av landet. Om ei vekes tid byrjar pollensesongen i nord.

Bjørkepollen

Bjørkepollen er det som flest allergikarar reagerer på.

Foto: Per Harald Olsen, NTNU

– Ein skulle tru at det var veldige mengder pollen lengst nord, i område som i Kirkenes og Troms, der ein har rein bjørkeskog mange plassar, seier pollenanalytikar i Noregs Astma- og Allergiforbund, Hallvard Ramfjord. Men slik er det ikkje.

Pollenanalytiker Hallvard Ramfjord, NTNU

Pollenanalytikar i Noregs Astma- og Allergiforbund, Hallvard Ramfjord, trur pollensesongen i Finnmark vil starte rundt 18. mai. - Men det svinger med vêret. Det kan kome før.

Foto: Per Harald Olsen, NTNU

I områda nord i landet har kvart enkelt bjørketre relativt få raklar som produserer pollen. Raklar er ein klase av einkjønna blomar, som ein finn på blant anna bjørk, selje og vier. Bjørka i Finnmark og Troms må rett og slett bruke kreftene på andre ting.

Mindre energi til formeiring

At talet på raklar på bjørketrea i Finnmark er lågare, heng saman med den korte vegetasjonsperioden og dei strenge livsvilkåra bjørka har såpass langt nord.

– Då blir det ikkje så veldig mykje energi igjen til å utvikle det vi kallar kjønna formeiring, forklarer Ramfjord.

Rakle med bjørkepollen

Raklane på bjørketreet spreier pollen. Bjørka i nord produserer færra raklar, noko som gjer det lettare å vere pollenallergikar i Finnmark.

Foto: NRK

Ti gongar meir

Pollenanalytikaren er ikkje i tvil om at det er betre å vere pollenallergikar i Finnmark enn i andre stadar i landet.

– Ta eit område som Lillehammer, til dømes. Der er det i gjennomsnitt ti gongar så mykje bjørkepollen som det er i Kirkenes, seier Ramfjord.

– Det er ein dramatisk forskjell.